Budsjett og rektorval i Universitetsstyret

Universitetsstyret skal i morgon fordela 3 milliardar 178 millionar 787 000 kroner på heile universitetssamfunnet. Dessutan skal Styret ta stilling til eit forslag om å oppretta ein eigen valkomité som også kan søkja etter eigna rektorkandidatar. Hovudoppgåva blir likevel å syta for at dei krava som blir stilte til rektorstillinga blir gjort kjente både for veljarane og for potensielle kandidatar.

Styret blir altså bede om å slutta seg til framlegget om budsjettfordeling som er presentert av konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien. Her er 3,178 milliardar kroner fordelte på dei åtte fakulteta og dei andre einingane ved UiO. Med budsjettfordelinga som bakgrunn skal universitetsdirektøren utarbeida ein årsplan for 2005 som skal opp i årets siste styremøte tysdag den 21. desember.

Universitetsstyret skal også ta stilling til om det skal gi rektor fullmakt til å kunna inngå forpliktande avtalar som bind UiO økonomisk over fleire budsjettår. Denne fullmakta til å tildela pengar har ei ramme på inntil 10 millionar kroner.

Rektorval

Medan budsjettfordelinga skal handsamast bak stengde dører, skal ei sak som truleg kan bli meir kontroversiell enn den ser ut til å bli på papiret, handsamast for opne dører. Det gjeld forslaget om at universitetsdirektøren skal utnemna ein eigen valkomité for rektorvalet. I komiteen skal det sitja fire vitskaplege tilsette, to teknisk-administrative tilsette og to studentar. Hovudansvaret deira blir altså å syta for at krava til rektorstillinga blir gjort kjent både blant veljarar og moglege kandidatar. Komiteen får også oppgåva med å presentera kandidatane på ein måte som gir veljarane eit godt grunnlag for å vurdera kvalifikasjonane deira for rolla. Dessutan kan komiteen sjølv gå aktivt ut og søkja etter eigna kandidatar. Alle medlemane i komiteen vil nemleg få forslagsrett. Det blir vist til at i motsetning til tidlegare kan også personar som ikkje er tilsette ved UiO, stilla opp som rektorkandidatar. Difor kan dei som har forslagsrett også foreslå eksterne kandidatar, blir det peika på i vedtaksnotatet frå universitetsdirektøren.

Tidlegare har rektorkandidatane ved UiO lansert seg sjølv og skaffa seg underskrifter frå nok støttespelarar til at dei kunne delta i rektorvalet. Dersom Universitetsstyret vedtar forslaget om å oppretta ein eigen valkomité, blir prosessen fram mot rektorvalet meir formelt organisert enn før tidlegare rektorval. I tillegg skal det som før opprettast eit eige valstyre som får det administrative ansvaret for gjennomføringa av rektorvalet. Det blir rekna med at rektor er valt innan utgangen av mai 2005. Styret vil be valstyret og valkomiteen om å utarbeida ein tidsplan for valet.

Likestilling

Styret skal også handsama eit forslag om å setja av 1,8 millionar kroner til innsatsmidlar for likestilling i 2005. Med overføring av pengar avsette i 2004 og ny tildeling i 2005 vil det til saman gi rundt 3 millionar kroner til likestillingstiltak i 2005, så sant universitetsdirektøren sitt forslag blir vedtatt. Det blir også foreslått at det skal innførast ein insentivmodell om premierer auke i talet på førstestillingar utførte av kvinner. Modellen omfordeler inntil 4 millionar kroner i 2005, og den er grunna på dei prinsippa som er lagde fram av konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien.

Studietilbod og immaterielle rettar

Medlemane i Styret skal også ta stilling til framlegget til studietilbod og opptaksrammer ved UiO i studieåret 2005/2006. Og det skal handsamast eit framlegg om ein eigen politikk for handtering av immaterielle rettar ved UiO.
Den fullstendige saklista for møtet i Universitetsstyret tysdag 16. november vil du finna nedanfor:

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2004 11:11 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere