Næringsministeren opna Birkeland innovasjon

- Birkeland innovasjon kan bli ein reiskap for å betra samarbeidet mellom UiO og næringslivet. Det håpet uttrykte næringsminister Børge Brende då han opna Birkeland innovasjon 5. oktober.

GJØDSLING: Næringsminister Børge Brende undersøkjer gjødselen som han skal strø over planten som skal symbolisera Birkeland innovasjons vektspotensial. Bak Erling Maartmann-Moe og Kathrine Myhre.
Foto: Ola Sæther

Næringsminister Børge Brende hadde store voner til kva eit teknologioverføringskontor som Birkeland innovasjon kan føra til i framtida.

- Dersom me skal lykkast i å ta vare på velferdssystemet vårt, må me satsa meir på forsking og ikkje minst på næringsretta forsking i åra framover. I næringslivet er det ei stor utfordring å konkurrera med land som har ein tidel av våre lønningar. Innan kunnskapssektoren er dette snudd på hovudet sidan dei som er tilsett der ofte har lågare lønningar enn kva kollegaene deira i andre industriland har. Det er ein konkurransefordel for oss, peika han på i opningstalen sin i Fakultetsklubben i Georg Sverdrups hus.

- Må utvikla kunnskapsindustri

Brende viste til at Noreg var svært gode på råvareproduksjon og er verdas tredje største sjømateksportør og verdas tredje største oljeeksportør.

- Me skal halda fram med å produsera råvarer, men me må utvikla ein kunnskapsindustri ved sidan av, understreka Brende. Han trekte fram Kina og korleis norske produsentar av miljøteknologi hadde hatt stor suksess i dette kjempelandet.

- Ordføraren i Beijing lova for nokre år sidan at han skulle gå frå vervet sitt om han ikkje lykkast i å få redusert forureininga i byen på tre år. I dag sit han som Kinas kommunikasjonsminister og lufta i Beijing er blitt reinare enn nokon gong. Og det var luftmålarar produserte av eit norsk selskap som blei brukte for å måla luftkvaliteten i Kinas hovudstad. Difor bør me ikkje berre sjå på den raske økonomiske ekspansjonen til Kina som eit problem, men også som ein ny og lovande marknad for norske nisjeprodukt, slo han fast.

Kommersialisering er stovereint

Brende var også nøgd med at ord som kommersialisering no ikkje lenger var å rekna som eit banneord i universitetssektoren.

- I sommar publiserte dei fire universitetsrektorane ein kronikk i Dagens Næringsliv der dei kravde at Staten løyvde pengar til kommersialisering og såkornfond. Om rektorane hadde kome med ei slik oppfordring på 1980-talet, kan eg garantera at dei ikkje hadde fått fornya tillit som rektorar, meinte han.

Brende driv etterutdanning av seg sjølv. Difor skal han til sommaren til Harvard University og Massachussets Institute of Technology for å sjå på korleis deira teknologioverføringskontor arbeider.

Brende opna Birkeland innovasjon offisielt med å gjødsla og vatna ein plante som skulle symbolisera vekstpotensialet til denne nyskapningen ved UiO.

Emneord: Internasjonalisering, Birkeland Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2004 14:24 - Sist endra 10. des. 2008 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere