Mindre til studieplassar og meir til forsking

Universitetet i Oslo får ei samla løyving på 3 milliardar 178 millionar 787 kroner på regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005. Dette er ein auke på rundt 166 millionar kroner i høve til saldert budsjett for 2004. Samtidig får UiO ein reduksjon på løyvinga til studieplassar på 13,3 millionar kroner. Det tilsvarar 683 studieplassar på dei minst kostnadskrevjande studia. Regjeringa vil løyva 3,2 milliardar kroner til Fondet for forsking og nyskaping.

Regjeringa foreslår å oppretta 100 nye doktorgradsstillingar i 2005. 25 av desse stillingane er foreslått lagt inn i budsjettramma til UiO med verknad frå hausten 2005. Dessutan er det lagt inn midlar til heilårseffekt neste år for dei 55 doktorgradsstillingane som blei tildelte i 2004.

I tillegg er det lagt inn 1, 5 millionar kroner til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 13 studieplassar i psykologi. Det er også lagt inn heilårseffekt og vidareføring av auka opptak på 28 studieplassar i medisin.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga til Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetane si stilling i Noreg med 14 millionar kroner slik at senteret får eit samla driftstilskott på 17 millionar kroner når husleiga er inkludert. Dei resterande midlane til utstyr til byggjeprosjektet Villa Grande blei løyvd i 2004, og difor er budsjettramma redusert med ti millionar kroner i 2005.

Når dei gjeld dei meir generelle delane av budsjettforslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementet, blir den samla løyvinga til forsking og utvikling på 14,2 milliardar kroner. Regjeringa foreslår å auka kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3,3 milliardar kroner til 36 milliardar kroner. Dessutan skal det opprettast tre nye landsdekkjande såkornfond som til saman får ei løyving på 500 millionar kroner i ansvarleg lån og 125 millionar kroner i tapsfond. Dei tre fonda skal leggjast til Oslo, Bergen og Tromsø.

Uniforum kjem tilbake med lokale kommentarar om budsjettforslaget seinare i dag.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2004 11:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere