Kristin Clemet:- Ikkje rom for pengar til nytt informatikkbygg

- Det var diverre ikkje rom for pengar til nytt informatikkbygg ved UiO i forslaget til statsbudsjett for 2005. Når det igjen blir rom for investeringar i nybygg i denne sektoren, vil eit nytt informatikkbygg stå først i køen, lovar utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet overfor Uniforum.

MINDRE: - Reduksjonen på 78 millionar kroner er mykje mindre enn det universiteta og høgskulane får igjen på andre postar, meiner Kristin Clemet.
Foto: Ola Sæther

Tidlegare i dag gjekk rektor Arild Underdal sterkt ut og fortalde kor vonbroten han var over at Utdannings- og forskingsdepartementet heller ikkje denne gongen hadde funne plass for ei løyving til nytt informatikkbygg ved UiO.

- Omtalen i proposisjonen er positiv, men utan pengar kjem me ikkje vidare, understreka Arild Underdal.

- Alle førebuingar er gjennomførde og utan oppstartsløyving no, må me leggja prosjektet på is. Då vil det kosta oss meir å dra det i gang att. UiO skal vera eit kraftsenter for forsking og utdanning i informatikk, og den rolla krev betre infrastruktur, slo universitetsrektoren fast.

Stramt budsjett

Universitetet i Oslo får ei samla løyving på 3 milliardar 178 millionar 787 kroner for 2005. Dette er ein auke på rundt 166 millionar kroner eller 5,5 prosent i høve til saldert budsjett for 2004.
Underdal karakteriserer budsjettet som stramt sidan Noregs forskingsråd også får kutt i løyvingane til grunnforsking over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet.

683 færre studieplassar

Og økonomidirektør Stein Helgesen synest budsjettet er uspennande.

- Det er også negativt at UiO får ein reduksjon på løyvinga til studieplassar på 13,3 millionar kroner. Det tilsvarar 683 studieplassar på dei minst kostnadskrevjande studia. Det positive er at det er foreslått 25 nye doktorgradsstillingar i budsjettramma til UiO med verknad frå hausten 2005, konstaterer Stein Helgesen.

- Mindre kutt enn samla løyvingar

I fylgje Kristin Clemet var det omsynet til det samla forslaget til statsbudsjett som var årsaka til denne reduksjonen. Indirekte vedgjekk ho at det var Finansdepartementet som hadde sett foten ned for å auka overføringane til universiteta og høgskulane på grunnlag av kor mange studiepoeng dei produserte.

- Til saman utgjer denne reduksjonen berre 78 millionar kroner. Det er mykje mindre enn det universiteta og høgskulane får igjen på andre postar i forslaget til statsbudsjett. Universiteta og høgskulane kan heller ikkje rekna med å vera skjerma for kutt uavhengig av kven det er som sit i regjeringa. Alt i alt skal me vera glade for at Finansdepartementet styrer over det endelege budsjettforslaget, meinte ho.

Utnyttar ordninga

Statssekretær Bjørn Haugstad la til at nokre utdanningsinstitusjonar hadde utnytta denne ordninga.
- Dei oppretta ekstra mange studieplassar og fekk mange nye studentar for å få ekstra utbyte av resultatkomponenten i budsjettet, hadde han registrert.

100 nye doktorgradsstillingar

Clemet måtte også svara på kvifor regjeringa denne gongen berre kunne løyva pengar til oppretting av 100 nye doktorgradsstillingar medan dei i fjor klarte 200.

- Me klarte rett og slett ikkje å auka dette talet innanfor dei rammene me hadde til disposisjon, svara ho. Regjeringa er enno langt frå å nå OECD-målet for løyvingar til forsking og utvikling.
- Det er ikkje på grunn av manglande offentlege løyvingar, men fordi næringslivet ikkje gir nok pengar til forsking og utvikling, presiserte ho.

Løftebrot frå regjeringa

Forskarforbundet meiner at forslaget til forskingsløyvingar er eit stort løftebrot frå regjeringa. Det viser til at regjeringa kvart einaste år har lova å auka løyvingane til forsking slik at norsk forskingsinnsats kjem opp på nivå med gjennomsnittet for OECD-landa innan utgangen av 2005. Årets forslag til statsbudsjett er eit steg i motsett retning, skriv Forskarforbundet i ei pressemelding.

- Regjeringa sitt forslag representerer ein realnedgang på om lag 1,5 prosent i dei offentlege løyvingane til forsking, seier Kolbjørn Hagen, leiar i Norsk forskarforbund.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2004 16:21 - Sist endra 10. des. 2008 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere