Kristin Clemet besøkjer UiO

Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet besøkjer Matematisk institutt tysdag 5. oktober. Formålet med besøket er å setja seg inn i kvardagen til dei vitskapleg tilsette. Sjølv vil ho ikkje halda noko innlegg, men ho vil koma i dialog med forskarane.

KJEM TIL UIO: Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet besøkjer Matematisk institutt tysdag 5. oktober.
Foto: Ola Sæther

Clemet kjem for å lytta og då vil ho blant anna få høyra professor Geir Ellingsruds innlegg om kva Kvalitetsreforma har hatt å seia for arbeidssituasjonen til forskarane.

Forskarane ved instituttet vil også fortelja henne kva type tverrfagleg verksemd som går føre seg ved instituttet. Sidan dette er dagen før forslaget til statstbudsjett for 2005 blir lagt fram i Stortinget, håpar nok mange på at Clemet vil koma med ein godt plassert budsjettlekkasje. Statsråd Kristin Clemet blir tatt imot av rektor Arild Underdal når ho kjem klokka 10 og ho vil dra like etter lunsjtid.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2004 16:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere