Ingen pengar til nytt informatikkbygg

- Det er eit stort vonbrot at det heller ikkje på statsbudsjettet for 2005 er funne plass til byggjestart for eit nytt informatikkbygg, seier rektor Arild Underdal. Universitetet i Oslo får ei samla løyving på 3 milliardar 178 millionar 787 kroner for 2005. Dette er ein auke på rundt 166 millionar kroner eller 5,5 prosent i høve til saldert budsjett for 2004.

USPENNANDE BUDSJETT: - Det er skuffande at løyvinga til studieplassar er redusert med 13, 3 millionar kroner eller 683 plassar, synest økonomidirektør Stein Helgesen.
Foto: Ola Sæther

- Omtalen av nytt informatikkbygg i proposisjonen er positiv, men utan pengar kjem me ikkje vidare, understrekar Arild Underdal.

- Alle førebuingar er gjennomført og utan oppstartsløyving no, må me leggja prosjektet på is. Då vil det kosta oss meir å dra det i gang att. UiO skal vera eit kraftsenter for forsking og utdanning i informatikk, og den rolla krev betre infrastruktur, slår universitetsrektoren fast.

Underdal karakteriserer budsjettet som stramt sidan Noregs forskingsråd også får kutt i løyvingane til grunnforsking over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet.

Og økonomidirektør Stein Helgesen synest budsjettet er uspennande.
- Det er også negativt at UiO får ein reduksjon på løyvinga til studieplassar på 13,3 millionar kroner. Det tilsvarar 683 studieplassar på dei minst kostnadskrevjande studia. Det positive er at det er foreslått 25 nye doktorgradsstillingar i budsjettramma til UiO med verknad frå hausten 2005, konstaterer Stein Helgesen. Til saman foreslår regjeringa å oppretta 100 nye doktorgradsstillingar i 2005. 25 av dei går altså til UiO.

Dessutan er det lagt inn midlar til heilårseffekt neste år for dei 55 doktorgradsstillingane som blei tildelte i 2004. I tillegg er det lagt inn 1, 5 millionar kroner til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 13 studieplassar i psykologi. Det er også lagt inn heilårseffekt og vidareføring av auka opptak på 28 studieplassar i medisin.

Studiepoeng gav 62 millionar

Det samla budsjettet viser at UiO har auka resultatkomponenten for studiepoeng med om lag 62 millionar kroner, medan heile sektoren har hatt ein auke på 274 millionar kroner.

- Dei strategiske forskingsmidlane er vidareførte og prisjusterte, og utgjer for UiO 452,1 millionar kroner i 2005. Omfordelinga av den resultatbaserte delen av forskingsmidlar inneber ein reduksjon på 5,5 millionar kroner for UiO, medan Universitetet i Tromsø vinn 4,5 millionar kroner, opplyser økonomidirektøren til Uniforum.

Dessutan får UiO ein pott på 6,4 millionar kroner som kompensasjon for innføring av el-avgift. Det er likevel mindre enn dei samla meirkostnadane for 2005 som utgjer 15,3 millionar kroner. Stein Helgesen har også lagt merke til at Utdannings- og forskingsdepartementet har lagt inn ein ekstra pott på 6,5 millionar kroner for å sikra skuleklassar gratis tilgjenge til universitetsmusea.

Meir pengar til Holocaust-senteret
Regjeringa foreslår å auka løyvinga til Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetane si stilling i Noreg med 14 millionar kroner slik at senteret får eit samla driftstilskott på 17 millionar kroner når husleiga er inkludert. Dei resterande midlane til utstyr til byggjeprosjektet Villa Grande blei løyvd i 2004, og difor er budsjettramma redusert med ti millionar kroner i 2005.

3,3 milliardar til Forskingsfondet

Når dei gjeld dei meir generelle delane av budsjettforslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementet, blir den samla løyvinga til forsking og utvikling på 14,2 milliardar kroner. Regjeringa foreslår å auka kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3,3 milliardar kroner til 36 milliardar kroner.

Dessutan skal det opprettast tre nye landsdekkjande såkornfond som til saman får ei løyving på 500 millionar kroner i ansvarleg lån 125 millionar kroner i tapsfond. Dei tre fonda skal leggjast til Oslo, Bergen og Tromsø.

Vonbrotne studentar

Regjeringa foreslår ingen auke i den generelle kostnadsnorma for lån og stipend i Lånekassen og den blir dermed vidareført på nominelt nivå. Dessutan blir det foreslått å avvikla reisestipendet for innanlandsreiser og reiser i Norden for studentar frå undervisningsåret 2005/2006. Studentrabatten hos NSB blir også foreslått fjerna.

Til saman blir det foreslått ei løyving på 124 millionar kroner til studentbustader. Det er ein reduksjon på 46 millionar kroner i høve til 2004. Desse forslaga har fått Norsk Studentunion til å heisa opprørsfana.

- Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vil gjera studentene fattigare for tredje år på rad. Levestandarden går opp for resten av samfunnet, medan den faktisk går ned for studentane! Det urimelege i dette, synest eg ikkje krev nokon vidare kommentar, seier leiar Jørn A. Henriksen i ei pressemelding.

Uniforum kjem tilbake med kommentarar frå utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet seinare i dag.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2004 13:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere