HF får tilsetja instituttleiarar

HF-fakultetet får tilsetja dei sju instituttleiarane sine. Det er klart etter at Universitetsstyret mot tre stemmer røysta for dette forslaget tysdag 12. oktober. Det var dei tre representantane for dei vitskapleg og teknisk/administrativt tilsette, Kristian Gundersen, Harriet Bjerrum Nielsen og Hanna Ekeli som gjekk imot forslaget frå fleirtalet i fakultetsstyret til HF.

STEMTE IMOT: - Eit vedtak om å tilsetja instituttleiarar på HF vil skapa meir uro, sa styremedlem Harriet Bjerrum Nielsen.
Foto: Trine Nickelsen

Før Universitetsstyret starta diskusjonen heldt dekan Bjarne Rogan ein sterk appell til styremedlemane for å få dei til å stemma ja til forslaget.

- I motsett fall vil det utsetja heile prosessen med omorganisering på HF. Det går ikkje an å kalla ei styringsform for demokratisk og ei anna for udemokratisk, understreka han i ein kommentar til avisoppslaga både i Klassekampen, Morgenbladet og Uniforum. - Viss me ikkje visste at me var på rett veg, ville me aldri ha kome med eit slikt forslag. Dessutan vil eit vedtak om å tilsetja instituttleiarar vera reversibelt, slo han fast.

- Ikkje samla HF-fakultet

Då det var Universitetsstyrets tur, tok Kristian Gundersen, som er representant for dei vitskapleg tilsette, først ordet. Han viste til at dekan Bjarne Rogan hadde eit samla fakultetsstyre bak seg då han ville at Styret skulle vedta forslaget til omorganisering på HF.

- Det kan du ikkje seia at du har denne gongen. Representantane for dei vitskapleg og teknisk/administrativt tilsette i fakultetsstyret stemte alle imot forslaget om å tilsetja instituttleiarar. Ja, denne gongen vil eg seia at vedtaket i fakultetsstyret har skapt eit opprør på HF-fakultetet, meinte Gundersen, som seinare på møtet viste til at 251 tilsette på fakultetet hadde skrive under på ein protest mot innføringa av tilsette instituttleiarar.

Han argumenterte også for at det vil vera imot valreglementet å gi fakultetsstyret fullmakt til å tilsetja instituttstyrarar så lenge det heiter at det er instituttstyret som skal gjera dette. Gundersen gjekk inn for å lata dekanen utnemna interimsleiarar fram til det kunne veljast eit nytt styre for kvart av dei sju institutta etter eitt år.

- Eg synest Universitetsstyret bør vera svært restriktive med å gi dispensasjon frå valreglementet, understreka Gundersen.

- Inkonsekvent å stemma imot

Studentrepresentant Kim Rand-Henriksen syntest derimot at forslaget frå fakultetsstyret var godt grunngjeve og ville stemma for å innføra ei ordning med tilsette instituttstyrarar.

- Det er også Studentparlamentets prinsipielle haldning, poengterte han.

Ekstern representant Boel Flodgren meinte at forslaget var ei naturleg vidareføring av omorganiseringa av institutta på HF.

- Det vil difor vera inkonsekvent av Styret om det ikkje stemmer for dette forslaget, tykte ho.

Representant for dei vitskapleg tilsette, Harriet Bjerrum Nielsen meinte at nettopp på grunn av at det var viktig å få ro rundt omorganiseringa, så ville eit vedtak om å tilsetja instituttleiarar skapa meir uro og hindra at fakultetsleiinga ville få dei tilsette med seg i endringsprosessen.

- Mange føler at dei ikkje har fått seia det dei vil i denne saka. Difor vil eg støtta Kristian Gundersen og gå imot forslaget frå fakultetsstyret, sa ho.

Ekstern representant Paul Chaffey såg det på ein heilt annan måte.

- No har me fått eit forslag frå eit fleirtal i fakultetsstyret på HF. Motsetningane blir ikkje mindre om me utsett denne saka. Eg er einig i innhaldet i forslaget og vil difor stemma for, understreka han.

Etter at rektor Arild Underdal bad styremedlemane om å visa med stemmeteikn dei som stemte for forslaget frå Kristian Gundersen om å lata dekanen utnemna interimsleiarar, viste det seg at forslaget berre fekk støtte frå Kristian Gundersen, Hanna Ekeli og Harriet Bjerrum Nilsen. Heile rektoratet, begge studentrepresentantane og dei fire eksterne medlemane stemte alle for forslaget frå fakultetsstyret til HF om å tilsetja instituttleiarane. Til slutt understreka heile Styret at dei som skulle tilsetjast, måtte ha professorkompetanse.

Emneord: HF: nytt institutt for språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2004 16:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere