Fagforeiningane til Styret: -Utsett avgjerda om valt eller tilsett rektor

Både Norsk Tenestemannslag, Forskarforbundet og 2fo protesterer mot at spørsmålet om valt eller tilsett rektor ved UiO skal avgjerast av Universitetsstyret tysdag 12. oktober. Fagforeiningane krev i ein felles resolusjon at saka blir utsett til Universitetsstyrets møte i desember. UiO-rektor Arild Underdal avdramatiserer dette og meiner at synspunkta til fagforeiningane allereie har kome klart fram.

VALT ELLER TILSETT REKTOR? Fagforeiningane vil at Universitetsstyret skal utsetja denne avgjerda til desembermøtet.
Foto: Ståle Skogstad

I ei felles fråsegn går det fram at dei tre fagforeiningane meiner at dette er eit klart brot på Hovudavtalen i Staten.

- Organisasjonane til dei tilsette er ikkje innkalla korkje til informasjons- eller drøftingsmøte om denne viktige saka innan dei vanlege fristane og med dei naudsynte sakspapira som bakgrunnsmateriell. Det vil difor vera altfor lita tid til førebuingar, konstaterer NTL-leiar Anita K. Solhaug.

- Uforsvarleg

- Me ser det difor som uforsvarleg og uriktig å drøfta saka på det grunnlaget som no ligg føre og meiner me må kallast inn til drøftingsmøte på lovleg måte, altså i samsvar med dei gjeldande avtalane, understrekar hovudtillitsvalt Kristian Mollestad i Forskarforbundet. Dei viser til at dette kom heilt uventa både for tilsette og studentar.

- Ingen diskusjon eller demokratisk prosess er sett i gang frå leiinga si side når det gjeld denne saka, presiserer Unni Bingen, som er leiar for 2fo.

Altfor tidleg

Dei tre fagforeiningsleiarane minner om at då fakulteta i januar 2004 uttalte seg om Ryssdalutvalets innstilling, så var det eit overveldande ynske om valt rektor. Dei meiner at Universitetsstyret vil bryta intensjonen til departementet om at rekrutteringsprosessen av rektor skal organiserast slik at den sikrar ein fagleg og leiingsmessig legitimitet ved institusjonen og legitimitet i høve til styret.

Etter planen vil lova truleg bli vedtatt med moglege endringar i februar 2005, og skal setjast i verk frå 1. august 2005.

- Universitetsleiinga set denne prosessen i gang på eit altfor tidleg tidspunkt, spesielt ut frå ynsket om demokrati og deltaking i prosessen frå dei tilsette og studentane, slår dei tre fagforeiningsleiarane fast.

- Brei og open høyring

Rektor Arild Underdal understrekar at han enno ikkje har sett brevet frå fagforeiningane, men han vil likevel koma med ein kommentar på eit generelt grunnlag.

- I fjor hadde me to breie høyringar om UiOs styrings- og leiingsstruktur, der også fagforeiningane deltok aktivt. I den siste av desse - høyringa om Ryssdalutvalets innstilling - stod også spørsmålet om val eller tilsetting av rektor sentralt. Dei fleste høyringsinstansane, blant desse fagforeiningane, gav uttrykk for at dei ynskte at UiOs rektor framleis skulle utpeikast gjennom val. Eg reknar med at dei synspunkta som kom til uttrykk i denne høyringsprosessen framleis står ved lag, konstaterer Underdal.

Han meiner at det difor dreier seg om ei sak som har vore utsett for ei brei og open høyring.

- Både fagforeiningane og andre høyringsinstansar har allereie gitt oss synspunkta og argumenta sine både i skrift og tale. Men eg lyttar sjølvsagt gjerne dersom dei har noko meir å tilføya, understrekar han.

- Må leggja ein tidsplan

- Men kva er grunnen til at de må leggja fram denne saka i Universitetsstyret allereie tysdag 12. oktober?

- Grunnen er heilt enkelt at me bør leggja ein tidsplan for den vidare prosessen. Dersom Styret skulle gå inn for at rektor skal tilsetjast bør me byrja å tenkja gjennom prosedyrar og andre ting som har med dette å gjera. Og i så fall er det truleg det nye Styret som skal stå bak tilsetjinga, og det er spørsmål me vil trengja tid til å drøfta både med fagforeiningane og andre, presiserer han.

Underdal viser til at det også vil få andre fylgjer.

- I tilfelle det skjer må me også halda val til nytt universitetsstyre tidlegare enn det som vil vera mest praktisk dersom rektor skal utpeikast gjennom val. Det er ikkje avgjerande at Styret konkluderer i oktobermøtet, men med tanke på den breie handsaminga akkurat dette spørsmålet har vore gjennom tidlegare, trur eg ikkje dette er ei vanskelig sak, meiner UiOs rektor.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2004 17:07 - Sist endra 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere