Demonstrerte mot tilsette leiarar ved HF

100 studentar frå Attac Blindern og Raud Front demonstrerte mot innføring av tilsette leiarar på HF-fakultetet før Universitetsstyret kom saman for å avgjera dette spørsmålet tysdag 12. oktober kl. 10. - Me vil forsvara valdemokratiet til studentar og tilsette, seier Marte Nilsen i Attac Blindern.

PROTESTERTE: 100 studentar frå Attac Blindern og Raud Front demonstrerte utanfor Administrasjonsbygningen i protest mot planane om å tilsetja i staden for å velja instituttleiarar ved HF.
Foto: Martin Toft

I dag tysdag 12. oktober skal Universitetsstyret handsama både spørsmålet om HF skal få lov til å tilsetja instituttleiarane sine og om rektor skal veljast eller tilsetjast. Organisasjonane Attac Blindern og Raud Front demonstrerte i dag i mot desse planane.

- Me ber UiO-styret om å stoppa etableringa av Førar-prinsippet som leiingsmodell på HF på dagens styremøte. Både me studentar og tilsette ved institutta på HF-fakultetet må få halda på den demokratiske retten vår til å velja leiarane våre, meiner Marte Nilsen i Attac Blindern. Ho viser til at dette er det einaste og siste høvet studentane og dei tilsette har til å forsvara dei demokratiske rettane sine og fridomen til universitetssamfunnet.

- Valdemokratiset ved UiO og dei andre norske universiteta er det fremste uttrykket for fridomen til forskinga og undervisninga i det norske utdanningssystemet. Universitetet si stilling i samfunnet kan berre vera fri, sjølvstendig og innretta mot kvalitet når forskarane, studentane og dei tilsette sjølve har makta til å ta avgjerder på institutta der forskinga og undervisninga går føre seg, understrekar ho.

Emneord: Fakultetene, HF: nytt institutt for språk, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2004 10:23 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere