Ber om jobbar for realistane

I dag strir Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet med rekrutteringa. - For å få gjort noko med det, er det viktig at det blir skapt jobbar for alle dei ferdige kandidatane, slår forskingsdekan Anders Elverhøi fast. Difor ynskjer han eit nærare samarbeid mellom UiO og høgteknologisk industri i Oslo-regionen.

ATTRAKTIVE: - Skal me få ein auke i studenttala ved MN-fakultetet, må me arbeida for at kandidatane våre blir meir attraktive i arbeidslivet, meiner Anders Elverhøi.
Foto: Ola Sæther

Tidlegare var skulesektoren ein sikker jobbmarknad for realistane. Om dei ikkje fekk eller ynskte jobb som forskar, kunne dei i alle fall få jobb som matematikk-, fysikk- , kjemi- eller biologilærar i ungdomsskulen eller i den vidaregåande skulen. Dette var med på å sikra brei rekruttering til realfaga.

Hastar

- Difor hastar det med å skapa jobbar også for dei akademikarane som ikkje har ambisjonar om å bli forskarar ved universitetet eller ved ein privat forskingsinstitusjon. Det er også viktig for oss å støtta opp om Utdannings- og forskingsdepartementets kampanje for å få auka rekrutteringa til realfag, meiner Anders Elverhøi. Det er ein av grunnane til at MN-fakultetet inviterer norske industriselskap til industridagar på UiO, der forskarar og næringslivsleiarar kan drøfta problemet og koma fram til ein felles strategi.

- Fleire jobbar for realistane

- Problemet er at både norske og utanlandske selskap har vore svært interesserte i dei aller beste kandidatane våre. Samtidig har dei lagt ned jobbar som tidlegare var med på å sikra eit breiare rekrutteringsgrunnlag. Viss me skal klara å få fram dei beste kandidatane, er me nemleg avhengige av at det er ein viss breidde.

- Det må finnast jobbar for dei som ikkje ynskjer å bli forskarar også. Og det vil me gjerne ha hjelp til i frå den høgteknologiske industrien i Oslo-regionen, seier Elverhøi.

Han viser til at både Oslo og Kongsberg har selskap som er verdsleiande på djupvass- og offshore-teknologi.

- Dette er ein fordel som me må utnytta så godt innanfor forsking og utvikling at både norske og utanlandske selskap kan tenkja seg å leggja sine forskingslaboratorium i tilknyting til UiO, håpar han. Han trekkjer fram Det Norske Veritas (DNV) som gjennom mange år har hatt eit nært samarbeid med Matematisk institutt.

- DNV arbeider tett saman med amerikanske universitet og NTNU i Trondheim. Sjølv om dei fleste fagpersonane i slike selskapa er og framleis må vera sivilingeniørar, burde kandidatane våre få langt større innpass enn det som er tilfellet i dag. Det ville kunne hjelpa stort på rekrutteringa til fakultetet, trur Elverhøi.

- Intellektuell "shopping"

Han viser til at dei fleste multinasjonale selskapa i dag ikkje er opptekne av nasjonal tilknyting, men kvar dei kan få den beste kvaliteten.

- Mange selskap driv difor med intellektuell "shopping" der dei sender ut talentspeidarar til dei beste universiteta slik at dei får tips om kven som er dei beste kandidatane. Når dei er ferdige med den siste eksamenen, står dei klare i døra med jobbtilbod til dei. Det kan vera kandidatar både frå Kina, USA, Noreg eller Sverige. For desse selskapa spelar det ingen rolle. Dei vil kort og godt ha dei beste uavhengig av nasjonalitet, konstaterer Elverhøi.

Forskingsavdelingane sine legg dei også i nærleiken av viktige eliteuniversitet.

- Det dei ikkje har forstått, er at me må ha ein viss breidde i studentmassen for at me skal kunna få fram dei beste. Og ingen veit kven som blir best, når dei byrjar på studiet. Skal me få ein auke i studenttala ved MN-fakultetet, må også fakultetet engasjera seg i å leggja forholda best mogleg til rette for at kandidatane våre blir meir attraktive i arbeidslivet, meiner Elverhøi.

Han er også overtydd om at fakultetet må prioritera fagporteføljen sin, og spissa enkelte fagtilbod framfor andre.

- Dette blir ei stor utfordring, men eg trur det er viktig å leggja eit løp for framtida allereie no før det blir for seint å ta seg inn igjen, slår han fast. - Me må dessutan etablera fleire engelskspråklege master- og ph.d.-program, legg han til.

Kvalitetskriterium

Elverhøi synest UiO bør samarbeida både med NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø for å kunna skapa eit slagkraftig forskingsmiljø på offshore- og djupvassteknologisida.

- Om utanlandske selskap då ville leggja delar av forskingsverksemda si til eit norsk universitet, vil det vera eit ordentleg kvalitetskriterium, understrekar forskingsdekanen på MN-fakultetet.

I førre månad skipa fakultetet til ein industridag om offshore og djupvassteknologi. Fredag 8. oktober skal farmasiselskapet GE Healthcare (tidlegare Amersham) delta på industridagen på Blindern.
- Det er viktig å ha slike møteplassar mellom forskinga og industrien, synest han.

Emneord: Naturfag, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2004 13:13 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere