Arild Stubhaug kan bli statsstipendiat

Fagbokforfattar Arild Stubhaug kan bli statsstipendiat. Det er klart etter at regjeringa har gjort framlegg om dette i statsbudsjettet for 2005. Stubhaug er kjent som forfattar av biografiane om matematikkgenia Niels Henrik Abel og Sophus Lie.

STATSSTIPENDIAT: Fagbokforfattar Arild Stubhaug er foreslått som statsstipendiat.

Arild Stubhaug (f.1948) har blant anna skrive biografiar om matematikkgenia Niels Henrik Abel og Sophus Lie. Etter Kulturdepartementets meining har han ytt eit viktig bidrag for å gi norsk matematikk og naturvitskap eit løft, både nasjonalt og internasjonalt. Dersom Stortinget stemmer for framlegget, vil Stubhaug få statsstipend fram til han oppnår pensjonsalder, altså 67 år. I tillegg til Stubhaug har Kulturdepartementet foreslått at tekstilhandverkar Amy Lightfoot, forlagsdirektør Åge Haavik og litteraturhistorikar, kritikar og kulturformidlar Øystein Rottem også blir statsstipendiatar.

Emneord: Niels Henrik Abel2, Fakultetene
Publisert 7. okt. 2004 09:52 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere