UiO planlegg forskingsbygg til 200 mill. kr.

Eit forskings- og undervisningsbygg til 200 millionar kroner vil stiga til vêrs som eit tilbygg til Domus Medica hausten 2007. Halvparten av bygningen skal nyttast av SFF-senteret Center for Molecular Biology and Neuroscience .

MILLIONBYGG: - Det nye forskings- og undervisningstilbygget skal liggja her framfor Domus Medica, viser teknisk direktør Frode Meinich.
Foto: Ola Sæther

Det er UiO som står bak prosjektet som dei håpar Statsbygg vil vera byggherre for. Planen er at Rikshospitalet også skal leiga lokale i den ferdige bygningen. Den skal byggjast som eit tilbygg til Domus Medica, og den vil liggja der parkeringsplassen ligg i dag.

Førebels er det klart at UiO vil investera 47 millionar kroner i prosjektet. Dette er det beløpet som står igjen etter at Staten gav universitetet ei ekstraløyving på 54 millionar kroner i samband med at det blei oppretta fleire studieplassar på medisinstudiet. Det går fram av eit utkast til ein leigeavtale mellom UiO og Rikshospitalet om dette bygget. I avtaleutkastet skin det gjennom at det vil vera mogleg å få gjennomført eit slikt prosjekt.

3672 kvadratmeter stort

- Me har bede om eit møte med Rikshospitalet der me kan diskutera desse planane i ro og fred. Det er berre ein tredel av finansieringa som er i orden, men me reknar med at det kan finansierast med dei utgiftene me sparer på at avdelingar som leiger lokale utanfor universitetet i dag, kan koma hit, seier teknisk direktør Frode Meinich ved UiO.

Nybygget blir på til saman 3672 kvadratmeter. Av dette vil Center for Molecular Biology and Neuroscience oppta nesten halvparten. Planen er at det også skal leggjast inn ei PET-eining der forskarane vil driva med funksjonsanalyser ved hjelp av radiokjemisk biletteknikk. Bygget skal også gi plass til ekstra lokale for dyreavdelinga til UiO.

Resten av bygningen skal nyttast til undervisnings- og forskingsformål, først og fremst for Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet. Det er mogleg at ein del av bygningen blir leigd ut til eksterne brukarar slik at det skal bli lettare å finansiera desse planane.

Deler kostnadane

- Tomta toler ei så stor utbygging. Difor set me i gang med bygginga no og ser på kva tomta klarer, og så kan me diskutera kva me skal gjera med resten av areala. Det som er sikkert er at mange av dei institutta eller andre einingar som leiger lokale i Oslo sentrum no kan få seg lokale i denne forskings- og undervisningsbygningen, konstaterer han.

Husleigekostnaden til SFF-senteret kan delast mellom UiO og Rikshospitalet. UiO reknar med at leigekostnadene for tilbygget vil vera på rundt 15 millionar kroner inkludert SFF-senteret Center for Molecular Biology and Neuroscience. Formelt vil UiO stå som eigar eller leigetakar medan UiO og Rikshospitalet i fellesskap skal dela ansvaret for at heile tilbygget er utleigd. Det har allereie vore skipa til ein arkitekt- og designkonkurranse om det nye tilbygget.

- Vinnarutkastet ser svært bra ut og er godt tilpassa resten av Domus Medica, synest Meinich.

Til no har ikkje universitetsleiinga fyrt av det endelege startskotet for nybygget. Først må det haldast fleire møte med leiinga for Rikshospitalet. Det som er sikkert er at det kjem opp i Universitetsstyret før det blir bygging.

Meinich trur ikkje det vil skapa problem å få leigetakarar til det nye bygget.
- Nei, på ingen måte. Absolutt alle einingar på UiO seier at dei treng meir plass enn det dei har i dag.

Fakta om tilbygget til Domus Medica:
- vil kosta 200 mill. kroner
- bygget blir rundt 3672 kvadratmeter netto
- halvparten skal leigast ut til Center for Molecular Biology and Neuroscience
- skal innehalda undervisningslokale for medisin- og odontologistudentar og ei dyreavdeling
- vil truleg stå ferdig hausten 2007
Emneord: Fakultetene, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2004 09:29 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere