Trond Skard Dokka er bispekandidat

Professor Trond Skard Dokka ved Det teologiske fakultetet er ein av dei sju kandidatane som kan overta som biskop i Oslo etter Gunnar Stålsett. Det er klart etter at Oslo bispedømeråd i går offentleggjorde lista over dei nominerte.

Professor Trond Skard Dokka (58) var tidlegare dekan ved Det teologiske fakultetet. Han har vore professor ved Det teologiske fakultetet sidan 1994. Tidlegare har han vore både prest og lærar ved fleire utanlandske universitet. Før Gunnar Stålsett blei utnemnt til biskop i 1998 uttalte han dette om kva kvalitetar ein biskop burde ha:

"- Han eller hun bør være en dyktig fagteolog og en dyktig forkynner. Biskopen bør være en god omsorgsperson for prestene, samtidig som han må kunne være kirkens talsmann ut mot offentligheten. Dette siste er spesielt viktig i Oslo. Han bør også kunne forsvare en åpen folkekirke, det vil si en kirke som tar imot alle," understreka Trond Skard Dokka i Uniforum nr. 1 1998.

Stålsett kom også frå Universitetet i Oslo då han blei utnemnt til biskop. Den gongen var han rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret som ligg ved Det teologiske fakultetet. Av dei andre biskopane er Hamar-bisp Rosemarie Køhn truleg mest kjent av dei som har bakgrunn frå Det teologiske fakultetet. Det er regjeringa som til slutt bestemmer kven av dei nominerte som skal utnemnast til biskop. Det må skje i god tid før Gunnar Stålsett går av 28. februar neste år.

Emneord: Fakultetene, Teologi Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2004 12:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere