Styret vedtok HF-omorganisering

Talet på institutt på HF-fakultetet blir redusert frå tolv til sju frå 1. januar 2005. Det er klart etter at Universitetsstyret tysdag 7. september samrøystes vedtok forslaget til omorganisering av Det historisk-filosofiske fakultetet.

Fakultetsstyret ved HF har tidlegare samrøystes gått inn for dette forslaget. Det første forslaget frå eit utval nedsett av fakultetsleiinga førte derimot til store protestar ved HF-fakultetet rundt årsskiftet. Etter fleire allmøte og stor møteverksemd enda fakultetsstyret opp med ein modell som dei altså bad Universitetsstyret om å vedta. Det gjorde altså Styret.

- Det kom mange godord til fakultetsleiinga og til fakultetsstyret fordi dei hadde klart å koma fram til eit samrøystes forslag til Styret, seier rektor Arild Underdal til Uniforum.

Dei sju institutta

Vedtaket inneber at arkeologi og konservering blir slått saman med Historisk institutt og Mellomaldersenteret til eit institutt som ber namnet Institutt I.

Institutt II er sett saman av Humanistisk prosjektsemester, kulturhistorie og religionshistorie frå dagens Institutt for kulturhistorie, teatervitskap frå Institutt for musikk og teater og orientalske fag frå Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar.

Institutt III er sett saman av kunsthistorie, examen philosophicum og filosofi, gresk og latin og idéhistorie.

Institutt IV er eit institutt for språk og litteratur og består av Institutt for britiske og amerikanske studiar, Germanistisk institutt, fransk, italiensk, portugisisk, romansk filologi, og spansk frå Klassisk og romansk institutt, allmenn litteraturvitskap og europeiske fag frå dagens Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar.

Institutt V er ein fusjon av Institutt for lingvistiske fag og nordisk og samlingane frå Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Institutt VI er berre sett saman av Institutt for medium og kommunikasjon.

Det siste instituttet, Institutt VII, er sett saman av musikkvitskap og folkemusikk.

Det blir også understreka i vedtaket at tilgrensa fagfelt ved ulike institutt skal sjåast i samanheng når det gjeld spørsmål som har å gjera med undervisning, forsking og fagdimensjonering.

Emneord: Universitetspolitikk, Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2004 15:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere