Styret vedtar truleg HF-omorganisering

Forslaget om å redusera talet på institutt ved HF-fakultetet frå 13 til sju, blir truleg vedtatt av Universitetsstyret tysdag 7. september. Den andre store saka som Styret skal handsama på møtet, som skal gå føre seg i Oslo Ladegård, er forslaget om å lata delar av Institutt for geofag flytta inn i det planlagde Miljøforskingssenteret i Forskingsparken.

NY HF-STRUKTUR: Dekan Bjarne Rogan og resten av fakultetssleiinga får gjennomført ynsket om å omorganisera HF når Styret 7. september gjer endeleg vedtak i saka.
Foto: Ola Sæther

Fakultetsstyret ved HF har tidlegare gått inn for å redusera talet på institutt frå tretten til sju, og Universitetsstyret blir også rådd til å vedta den nye instituttstrukturen. Det første forslaget frå eit utval nedsett av fakultetsleiinga førte til store protestar ved HF-fakultetet rundt årsskiftet. Etter fleire allmøte og stor møteverksemd enda fakultetsstyret opp med ein modell som dei også ber Universitetsstyret om å vedta.

Dette inneber at arkeologi og konservering blir slått saman med Historisk institutt og Mellomaldersenteret til eit institutt som førebels ber namnet Institutt I.

Institutt II er sett saman av Humanistisk prosjektsemester, kulturhistorie og religionshistorie frå dagens Institutt for kulturhistorie, teatervitskap frå Institutt for musikk og teater og orientalske fag frå Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar.

Institutt III er sett saman av kunsthistorie, examen philosophicum og filosofi, gresk og latin og idéhistorie.

Institutt IV er eit institutt for språk og litteratur og består av Institutt for britiske og amerikanske studiar, Germanistisk institutt, fransk, italiensk, portugisisk, romansk filologi, og spansk frå Klassisk og romansk institutt, allmenn litteraturvitskap og europeiske fag frå dagens Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar.

Institutt V er ein fusjon av Institutt for lingvistiske fag og nordisk og samlingane frå Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Institutt for medium og kommunikasjon er åleine om å utgjera Institutt VI.

Det siste instituttet, Institutt VII, er sett saman av musikkvitskap og folkemusikk. Det blir også understreka at tilgrensa fagfelt ved ulike institutt skal sjåast i samanheng når det gjeld spørsmål som har å gjera med undervisning, forsking og fagdimensjonering.

Når det gjeld den andre store saka som skal opp i Universitetsstyret førstkomande tysdag, så handlar den altså om å leiga lokale for Avdeling for meteorologi og oseanografi (METOS) ved Institutt for geofag i det planlagde Miljøforskingssenteret i Forskingsparken. Leigeprisen er rekna ut til to millionar kroner i året.

Grunngjevinga for å flytta meterologifaget dit, er at det vil vera med på å fremja det tverrfaglege forskingsmiljøet knytt opp mot klimaforsking, og ikkje minst samarbeidet med Meteorologisk institutt.

Styret ber om at det blir arbeidd vidare med planløysing og reduksjon av leigearealet. Dessutan føreset Styret at fakultetet gjer avsetningar dei neste åra til dekking av eingangsinvesteringar til inventar, telefoni og data. Dette vil koma på rundt 2,5 millionar kroner. Fakultetet blir også bede om å planleggja og prioritera innkjøp av nytt vitskapleg utstyr knytt til relokaliseringa.

Emneord: Fakultetene, HF: nytt institutt for språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2004 11:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere