Stålsett: - Global fattigdom er verdas største trugsmål

- Global fattigdom er det største trugsmålet mot verda i dag, ikkje terroraksjonane mot USA den 11. september 2001. Det sa Oslo-bisp Gunnar Stålsett i ein open forelesing på Helga Engs hus under visitasen sin på UiO onsdag 1. september.

TRUGSMÅL: - Global fattigdom er verdast største trugsmål, meiner biskop Gunnar Stålsett.
Foto: Ola Sæther

Gunnar Stålsett understreka sterkt kor stor skade terroraksjonane mot USA hadde gjort for muslimar og Islam.

- Terroristane utførte ikkje berre ei kapring av fire fly. Det var også ei kapring av religion for å fremja politiske mål, ei kapring av martyriet for å ta liv og ikkje for å spara liv og ei kapring av ein rettferdig fridomskamp sidan Osama bin-Laden knytte aksjonen til fridomskampen til palestinarane, slo han fast. Stålsett viste til at både denne aksjonen og seinare aksjonar har ført til at religion er tilbake både på godt og vondt i det offentlege rom i Vesten etter å ha vore fråverande i mange år.

- Religion har erstatta totalitære rørsler

- På mange måtar har religionen overtatt det tomrommet som blei igjen etter at totalitære politiske rørsler som kommunismen og fascismen gjekk i grava etter å ha mislukkast med å skapa ei betre verd. Og i dag er det heilt naudsynt å ta med religion i arbeidet med fred- og konfliktløysing over heile verda. Den katolske teologen Hans Küng har peika på at det ikkje kan bli fred i Midtausten før representantar for alle religionane også deltar i fredsforhandlingane mellom Israel og palestinarane, fortalde Stålsett.

Han hadde også ein teori om kvifor USA hadde inkludert Nord-Korea i "Vondskapens akse" i tillegg til Iran og Irak.

- Grunnen til det var at krigen mot terrorisme ikkje skulle tolkast som ein krig mot islam. Det var ingen i USA som var interessert i oppfylla den amerikanske statsvitaren Samuel Huntingtons tese om at krigar i framtida ville bli førte mellom sivilisasjonar og ikkje mellom nasjonar. USA har fått vanskar i Irak nettopp på grunn av at nokon likevel har kome med ei slik generalisering, meinte biskopen.

Dialog mellom religionar

Han viste til at dialogen mellom dei ulike religionane både i Noreg og internasjonalt gir håp for framtida.

- I Noreg har dei kristne kyrkjesamfunna samarbeidd med dei islamske, jødiske og buddhistiske organisasjonane i kampen mot rasisme og intoleranse. I sommar var eg på ein konferanse om AIDS i Thailand. Då hadde representantar for forskjellige religionar samtalar om korleis det skal vera mogleg å få stoppa spreiinga av AIDS. Då viste det seg at meiningsskilnadane ofte går innanfor og på tvers av religionane. Katolikkane og muslimane var til dømes heilt einige om å ta avstand frå bruk av kondom, konstaterte han.

Stålsett kom også med eit hardt spark til norsk presse.
- Det blei eit større oppslag i aviser og kringkasting, då ein person døydde av ein fugleinfluensa i Laos enn det blir av det faktum at det kvar dag døyr 41 000 personar av AIDS. Og i 2010 vil fleire ha døydd av AIDS i Afrika enn det samla talet på døde i Europa under Den andre verdskrigen, peika han på.

- Kyrka må engasjera seg

Mange har kritisert Gunnar Stålsett og dei andre biskopane for å ha politisert Den norske kyrkja, ikkje minst då dei gjekk sterkt i mot at Noreg skulle involvera seg i ein eventuell krig mot Irak.

- Kyrkja må for Guds skuld engasjera seg politisk i spørsmål som dreiar seg om samfunnsmessige og fellesmenneskelege verdiar, meinte han. Stålsett viste til den muslimske lærde Feisal Abdul Rauf som skreiv ei bok som han kalla for "What´s good with Islam? der han slo fast at alle religionane har felles verdiar og levereglar som kan sameinast i Det doble kjærleiksbodet i Bibelen.

- Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av all din hug. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv, siterte Stålsett. - Dette er nestekjærleik forankra i ei livstru. Eg vil be dykk om å leggja dette til grunn, var oppfordringa til dei frammøtte studentane og forelesarane frå biskop Gunnar Stålsett.

Emneord: Internasjonalisering, Teologi Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2004 12:24 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere