Romfarar Coleman: - USA vil senda folk til Mars

- Eg er heilt sikker på at eg vil oppleva at USA sender folk til Mars. Men eg vil truleg vera for gammal til å dra sjølv. Det seier den amerikanske romfararen Catherine G. Coleman (43)til Uniforum. Rett før helga heldt ho Birkelandforelesinga i Georg Sverdrups hus i regi av Vitskapsakademiet.

MARSFARAR: - Kvar gong eg får auge på ungdomar, tenkjer eg at ein av dei truleg vil bli det same for Mars som Neil Armstrong var for Månen, seier romfarar Catherine Coleman.
Foto: Ola Sæther

Catherine G. Coleman blei sendt ut i verdsrommet med romferja Columbia første gong hausten 1995. Då tok det 15 dagar før ho kom tilbake til Jorda. I juli 1999 var ho i verdsrommet for andre og førebels siste gong. Også den gongen med Columbia, romferja som eksploderte då den var på veg tilbake til Jorda vinteren 2003.

Den amerikanske astronauten, er tilknytt Lyndon B. Johnson Space Center i Houston, Texas. I 1991 tok ho ein doktorgrad i kjemi frå Massachusets Institute of Technology. I tillegg er ho utdanna jagarflypilot og er oberstløytnant i det amerikanske flyvåpenet.

Neste stopp: Mars

Saman med dei andre tilsette i NASA er ho oppteken av på nytt å få sendt ein eller fleire personar til Månen. Men ambisjonane går enda lenger.

- Presidenten har gitt oss ordre om å gjera alt me kan for at det skal bli mogleg å få sendt folk til Mars. Eg trur USA vil klara det i løpet av mi levetid, men eg vil nok vera for gammal til å kunna dra sjølv. Likevel har eg ingenting imot å dra tilbake til rommet igjen. Vilkåret er at opphaldet ikkje varer lenger ein eitt år. Eg kan nemleg ikkje tenkja meg å vera borte frå den fire år gamle sonen min i tre eller fire år slik som dei som skal dra på Mars-ferder i framtida må gjera, smiler ho.

Men ho tenkjer ofte på korleis framtidas romferder kan koma til å bli.

- Kvar gong eg får auge på ungdomar, tenkjer eg at ein av dei truleg vil bli det same for Mars som Neil Armstrong var for Månen, altså den første som kjem til å setja foten sin på den planeten, fortel ho.

Unike eksperiment

Då ho var i verdsrommet, dreiv ho studiar av materialfysikk og væsker i vektlaus tilstand.
- Me kunne til dømes forska på ein vassdrope eller eit snøfnugg fordi dei aldri fall ned på grunn av mangelen på gravitasjon. Dessutan kunne me sjå korleis ein flamme oppførte seg i vektlaus tilstand. Ein flamme som var 2-3 millimeter stor på Jorda, kunne vera opptil 8 millimeter i verdsrommet. Difor forska me på kva som gjorde at ein flamme var større i verdsrommet enn her nede. Det er slike ting som det berre kan forskast på i rommet. Og den kunnskapen som me skaffar oss gjennom denne forskinga, kan nyttast ved produksjon av mat og andre ting i fabrikkar, fortel ho.

Beinvekst

Og dei har også oppdaga ting som kan koma til nytte for medisinsk forsking.

- Ein romfarar mister ein prosent av beinvevet sitt for kvar månad han eller ho er i verdsrommet. Når dei kjem tilbake til Jorda får dei likevel tilbake den beinmassen dei har mista. Beina erstattar seg sjølve. Me deltar i eit prosjekt der det blir forska på korleis dette skjer. Denne kunnskapen kan vera til stor nytte for dei kvinnene som i dag lir av beinskjørleik eller osteoporose, slår ho fast.

Etter romferdene sine har ho vore på ekspedisjon til Jordas mest ugjestmilde strok: Antarktis.

- I 2002 budde eg saman med andre amerikanske forskarar i eit telt 200 miles frå polpunktet. I dei seks vekene me var der plukka me opp over 1000 meteorar frå isen på Sørpolen. Vel heime igjen forska me på dei i eit laboratorium. Det var spesielt morosamt å kjøra snøskuter. Og i isørkenen i Antarktis var det klart at snøskutereksperten var minst like viktig som forskaren. Alle var del av eit lag som var avhengig av kvarandre, understrekar ho.

- Oppgåva viktigare enn kjønnet

Den same røynsla har ho hatt med omsyn til at ho er kvinne medan dei fleste andre romfararane er menn.
- Det viktige er ikkje kjønnet, men den oppgåva du skal gjennomføra for at ekspedisjonen skal bli vellykka. Likevel er det morosamt å registrera at det har hatt ein viss påverknad på sonen min. Ein dag såg han nemleg ein romfarar i romdrakt på fjernsyn. - Er det deg, mamma? spurte han. - Nei, det er det ikkje, svarte eg. - Men kven si mamma er det då? spurte han, flirer ho.

Fjernstyrte operasjonar

Neste oppdrag Coleman skal ut på, er eit eksperiment i det våte elementet. Ho skal vera inne i ein tank som skal seinkast 20 meter under havbotn ved Key Largo i Florida.
- Me skal undersøkja om det går an for legar å gjera operasjonar frå kirurgar som instruerer dei frå land via ein videoskjerm. Men me skal også prøva å finna ut om personar som ikkje er utdanna legar likevel kan utføra operasjonar med rettleiing frå den same kirurgen. Eksperimenta skal utførast på modellar, ikkje på levande personar, understrekar ho på godt norsk.

Utvekslingselev i Røyken

Bakgrunnen for norskkunnskapane er at ho var utvekslingselev ved Røyken vidaregåande skule i Buskerud skuleåret 1978/79. Då budde ho hos ein norsk vertsfamilie.
- Dei sa til meg at denne familien ikkje kunne engelsk, så eg måtte berre byrja å læra norsk. Seinare oppdaga eg at dei hadde lurt meg, men då snakka eg allereie norsk, ler ho. Då skuleåret var slutt, fekk ho høve til å perfeksjonera norsken enda meir.

- Ja, eg tok meg sommarjobb som oppvaskar og servitør om bord på misjonsbåten Brand på ein tur frå Bergen til Nordkapp. Uniforma var ein bondedrakt som vertsmora hadde sydd til meg, minnest ho. Sidan den gongen har ho halde kontakt med vertsfamilien og Noreg. Ho hadde til og med eit norsk flagg med seg på ei av romferdene sine.

Lærer russisk

No lærer ho eit anna språk.
- Eg lærer russisk fordi eg gjerne vil tala med dei russiske romfararane på deira eige språk. Det er først då me kan bli ordentleg kjente med kvarandre. Til no har det vore opplese og vedtatt at me berre skal bruka engelsk i rommet. Men eg synest at det er viktig også å kunna dei andre sitt språk. Ei stund trudde eg at eg ville blanda russisk med norsk, men det har heldigvis ikkje skjedd, seier ho nøgd. Og ho lovar å koma tilbake til Noreg snart.
- Det er eit land som eg er blitt svært glad i.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2004 12:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere