Meteorologifag kan flytta til Miljøforskingssenteret

Avdeling for meteorologi og oseanografi (METOS) ved Institutt for geofag kan flyttast til det planlagde Miljøforskingssenteret i Gaustadbekkdalen. Det er klart etter at Universitetsstyret tysdag 7. september gav klarsignal til MN-fakultetet om å leiga lokale i det framtidige senteret.

MILJØFORSKINGSSENTER: Modell av Miljøforskingssenteret i Gaustadbekkdalen. I bakgrunnen skriv direktørane for fleire forskingsinstitusjonar under avtalen om å byggja senteret. (Arkivfoto)
Foto: Martin Toft

Leigeprisen er rekna ut til to millionar kroner i året. Grunngjevinga for å flytta meteorologifaget dit, er at det vil vera med på å fremja det tverrfaglege forskingsmiljøet knytt opp mot klimaforsking, og ikkje minst samarbeidet med Meteorologisk institutt.

Styret ber om at det blir arbeidd vidare med planløysing og reduksjon av leigearealet. Dessutan understrekar Styret sterkt at føresetnaden for dette vedtaket er at fakultetet sjølv må gjera avsetningar dei neste åra til dekking av eingangsinvesteringar til inventar, telefoni og data. Dette vil koma på rundt 2,5 millionar kroner.

Fakultetet blir også bede om å planleggja og prioritera innkjøp av nytt vitskapleg utstyr knytt til omlokaliseringa.

Emneord: Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2004 15:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere