Kronprinsesse Mette-Marit blei tatt imot i ausande regnvêr av direktør Jan Vincents Johannessen.
- Sakte, men sikkert har me kjøpt opp den eine villaen etter den andre i naboskapen vår slik at me til slutt fekk ei stor nok tomt til det nye forskingsbygget. Regjeringa har gått inn for det og Stortinget har vedtatt det, men framleis er det ulvar som hyler. Men som eg brukar å seia: Lat ulvane tuta, så går karavanen forbi, slo han fast.
Både barn frå barnehagar i nærleiken og kreftpasientar trassa regnet og møtte fram for å sjå på når kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen. Grunnsteinen inneheld aviser og postkort og e-posthelsingar frå kreftpasientar og pårørande frå heile landet med håp for framtida. Håpet er at forskingsbygget skal gi rom for utvikling av nye behandlingsmetodar for framtidige kreftpasientar og på den måten gi kreftforskinga i Noreg eit løft. Markeringa var også ein del av feiringa av 50-årsjubileet til Institutt for kreftforsking ved Radiumhospitalet.
Logg inn for å kommentere