Kulturdepartementet rører ikkje Schøyen-samlinga

- Kulturdepartementet kan ikkje bestemma at gjenstandane i Schøyen-samlinga skal leverast tilbake til dei landa dei kom i frå. Det må i tilfelle Martin Schøyen som privatperson avgjera. Det seier statssekretær Yngve Slettholm (biletet)til Uniforum.

MAKTESLAUS: - Kulturdepartementet kan ikkje gripa inn saka om Schøyen-samlinga, seier statssekretær Yngve Slettholm (KrF). (Foto: Fin Serck-Hanssen / Kultur- og kyrkjedepartementet )

Det var i Brennpunkt i NRK 1 denne veka det blei kjent at Afghanistans kulturminister kravde at dei gjenstandane i Schøyen-samlinga som truleg var stolne frå Nasjonalmuseet i Kabul, måtte leverast tilbake. I går kom det eit liknande krav frå Pakistans ambassadør i Noreg.
Kulturdepartementet kan ikkje ta oppfordringa til fylgje.

- Nei, det kan me rett og slett ikkje. Denne regjeringa har rett nok bede Stortinget om å ratifisera UNESCO-konvensjonen frå 1970 om ulovleg handel med kunstgjenstandar, men konvensjonen har ikkje tilbakeverkande kraft. Sidan gjenstandane i Schøyen-samlinga kom til Noreg før Stortinget har ratifisert denne konvensjonen, kan ikkje norske styresmakter gripa inn i denne saka, slår Slettholm fast.

- Vil Kulturdepartementet ta eit initiativ for at saka blir meldt til politiet?

- Nei, som departement kan ikkje me melda nokon til politiet. Det er det berre privatpersonar som kan gjera. Men saka vil sjølvsagt stilla seg heilt annleis dersom det viser at gjenstandane i samlinga er komne til Noreg på grunn av tjuveri eller heleri. Då vil det sjølvsagt bli ei politisak, seier Slettholm.

Onsdag denne veka måtte professor i religionshistorie, Jens Braarvig, som har leia forskinga på Schøyen-samlinga, forklara seg for rektor Arild Underdal. Han ville gjerne vita kva rolle han har hatt i samband med Schøyen-samlinga. Då blei det avgjort at forskinga på gjenstandane i Schøyen-samlinga skulle leggjast på is til det er avklart om samlinga skal sendast tilbake til Afghanistan eller bli kjøpt av norske styresmakter.

Samtidig kravde førsteamanuensis i arkeologi, Christopher Prescott at heile saka burde etterforskast av Kripos
og Interpol.

- Ser på bilete av gjenstandane

Førsteamanuensis Torkel Brekke ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar reagerer på måten forskinga er blitt framstilt på i pressa.

- Det kjem ikkje klart nok fram i massemedia at me som forskarar ikkje sit og forskar på kvar fysisk gjenstand. Me sit og ser på bilete av desse gjenstandane, forklarar han.

Han er den einaste norske forskaren i forskargruppa til professor Jens Braarvig. I rundt eit halvt år har han forska på Schøyen-samlinga i Vitskapsakademiet.
Brekke ynskjer å forsvara forskarane si rolle i samband med Schøyen-samlinga utan å frita forskarane frå eit etisk ansvar.

- Forskarane er ikkje interesserte i samlinga som samlarar, men berre som forskarar. Når dei aktuelle gjenstandane er fotograferte, er dei uinteressante for oss og dei blir leverte tilbake til samlaren, altså Martin Schøyen, understrekar han.

- Mangel på forståing

Brekke undrar seg difor over at Prescott har gått så hardt ut mot Braarvig.

- På meg verkar det som eit utslag av mangel på forståing for det faktiske i denne saka, nemleg det omtalte forholdet mellom forskar og eigar. Det er dessutan heilt umogleg for oss som forskarar å finna ut om ein gjenstand blei frakta ut av Afghanistan eller Pakistan i 1992 eller i 2001. Me må stola på dei opplysningane som seljaren har gitt til kjøparen, seier han. Men han ser at det kan vera tilfelle der forskaren må overlata gjenstandane til politiet.

- Dersom gjenstandane har kome til Europa gjennom eit kriminelt nettverk, så er det opp til politiet å etterforska saka. Forskaren har ikkje høve til å finna det ut på eiga hand, slår Brekke fast.

Schøyen-samlinga
-skrifter samla av den norske mangemillionæren Martin Schøyen
- inneheld 10 000 skriftstykke.
- heile samlinga har ein verdi på 850 millionar kroner
- i 2001 hevda Schøyen at han hadde organisert ein redningsoperasjon for å redda buddhistiske skriftstykke ut av Afghanistan
Emneord: Etikk Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2004 13:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere