Forsking til folket

- Me vil sjølvsagt vera nøgde om enda fleire enn dei 20 000 som dukka opp i fjor, vil besøka Forskingstorget i år. Det seier prosjektleiar Julie Øybø som inviterer alle til Forskingstorget på Universitetsplassen fredag 17. september og laurdag 18. september. Denne gongen vil meir enn 45 forskingsmiljø vera på plass.

INVITERER: Prosjektleiar Julie Øybø i Informasjonsavdelinga inviterer alle til Forskingstorget på Universitetsplassen denne helga.
Foto: Ståle Skogstad

- Frå UiO vil blant andre klimaforskingssenteret Cicero og Naturfagssenteret demonstrera korleis menneskeskapte utslepp fører til at isen som isbjørnen går på, sakte, men sikkert, held på å smelta vekk, fortel Øybø. Ho vil også trekkja fram farmasøytane ved universitetet.

- Dei skal demonstrera nye typar medisinar, som til dømes medisinsk tyggegummi, medisinsk neglelakk og medisinsk plaster. Og Kaupang-undersøkinga vil byggja ei grue der folk kan få smi sine eigne vikingsmykke, seier ho.
Og for dei musikkinteresserte finst det også eit godt tilbod.

- Dei kan ta kontakt med studentar og tilsette ved Institutt for musikk og teater som skal demonstrera nye og spennande metodar for å laga musikk. Og alle som vil kan få prøvd det ut, lovar Øybø.

Forskingstorget blir i år arrangert av UiO, Høgskulen i Oslo, Høgskulen i Akershus og Handelshøyskolen BI.

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2004 11:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere