Avbryt forskinga på Schøyen-samlinga

- Forskinga på Schøyen-samlinga vil eg førebels leggja på is til det er avklart om den skal sendast tilbake til Afghanistan eller bli kjøpt av norske styresmakter. Det seier professor Jens Braarvig etter eit hastig innkalla møte med rektor Arild Underdal i går. - Kripos og Interpol bør etterforska korleis Schøyen-samlinga har fått tak i skriftene frå Pakistan og Afghanistan, meiner førsteamanuensis Christopher Prescott .

MØTE MED REKTOR: - Også eg ser fram til å få ei utgreiing av den legale statusen til samlinga, understreka Jens Braarvig etter møtet med rektor Arild Underdal.
Foto: Ola Sæther

- Det underliggjande problemet er den illegale handelen med desse gjenstandane, ikkje Jens Braarvigs forsking. Men universitetet har og eit meir indirekte ansvar for å sjå til at me ikkje kjem i skade for å medverka til å auka verdien av gjenstandar som er stolne eller førte ut på irregulært vis. Difor vil me no setja i gang arbeidet med å finna ut korleis UiO best kan oppfylla intensjonane i det internasjonale regelverket seier rektor Arild Underdal til Uniforum.

Det var i programmet Brennpunkt i NRK 1 tysdag 8. september det blei avslørt at ein del av dei buddhistiske skriftene i Schøyen-samlinga sannsynlegvis var blitt kjøpt av folk frå eit internasjonalt kriminelt nettverk som hadde smugla desse sjeldne skriftene ut av Afghanistan og Pakistan.

I programmet blei også professor Jens Braarvig intervjua, sidan han har leia forskinga på gjenstandane i Schøyen-samlinga. Det blei stilt spørsmål ved hans rolle etter at han heldt fram med forskinga også etter at det blei kjent at ein del av desse gjenstandane kunne vera stolne frå Nasjonalmuseet i Kabul i Afghanistan.

- Bør suspenderast

Det har fått førsteamanunuensis Christopher Prescott til å krevja at UiO suspenderer Jens Braarvig frå stillinga som professor.

- Eg står fast ved det kravet for eg er enda meir sjokkert over Braarvigs rolle etter at eg såg heile programmet. Dersom UiO-leiinga meiner noko om etikk og fagleg ansvar må suspensjon bli den naturlege konsekvensen, seier Prescott til Uniforum. Han er også instituttleiar for Institutt for arkeologi, kunsthistorie og konservering.

Kalla inn til rektor

Avsløringa i Brennpunkt og kravet frå Christopher Prescott fekk rektor Arild Underdal til å kalla både Jens Braarvig og dekan Bjarne Rogan inn til eit møte om formiddagen onsdag 8. september.

- Målet med møtet var å få alle fakta i saka på bordet. Me har bede Braarvig om å gi oss enda meir skrifteleg materiell om gjenstandane i Schøyen-samlinga. No tilhøyrer ikkje Schøyen-samlinga universitetet, så me har ingen råderett over den. Me er dessutan blitt einige om å ta oppatt kontakten med styresmaktene slik me kan få ein dialog med både Kultur- og kyrkjedepartementet og Utanriksdepartementet, seier Underdal.
I går orienterte han også Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet om dette.

- Må etterforskast

Arkeologiprofessor Christopher Prescott meiner at heile saka no bør etterforskast grundig både nasjonalt og internasjonalt.

- Difor bør både Kripos og Interpol koplast inn og etterforska korleis Schøyen-samlinga har gått fram for å få tak i gjenstandane frå Afghanistan og Pakistan. Dei bør også granska Braarvigs institutt, The Norwegian Institute of Calligraphy and Historical Philology. Det har han sjølv etablert og det har som formål å forska på gjenstandane i Schøyen-samlinga, seier Prescott.

- Tvilsam rolle

Han synest også rolla til Nasjonalbiblioteket må granskast.

- Det har laga eigne nettsider og kategorisert gjenstandane til Schøyen-samlinga. Støtta til Schøyen-samlinga frå tidlegare direktør for Nasjonalbiblioteket, Bendik Rugaas, er høgst tvilsam. I dag sit han som generaldirektør for Europarådets avdeling for kultursaker og fornminner. Det gjer saka difor enda verre. Anten har han utvist dårleg dømmekraft eller så har han medverka til ein kriminell operasjon, meiner Prescott.

- Det er svært viktig at norsk akademiske institusjonar tar klar og kompromisslaus avstand frå slik plyndrings- og smuglingsverksemd som blei avslørt i NRK Brennpunkt, legg han til.

- Eg har drive forsking

Jens Braarvig stiller seg heilt uforståande til kravet frå Prescott om at han bør suspenderast.
- Eg forstår ikkje korleis ein tidlegare studiedekan som Christopher Prescott kan driva personalpolitikk gjennom NRK. Dessutan ser eg heller ingen grunn til at det skal skje.

- Kva synest du om NRKs presentasjon av di rolle i denne saka?

- Det er jo kjent at Brennpunkt framstiller sakene sine i eit særleg perspektiv og ein kan ikkje ha særlege forventingar til å få presentert synspunkta sine på ein seriøs og balansert måte. Desse forventingane fekk eg til fulle stadfesta, slår han fast.

- For øvrig har eg drive med forsking på det buddhistiske materialet i samlinga og eg er ikkje talsmann og kurator for Schøyen-samlinga i seg sjølv. Men også eg ser fram til å få ei utgreiing av den legale statusen til samlinga, understrekar Braarvig. Han ser at det kan vera ein del uklare sider rundt slike samlingar.

- Eg er merksam på at det kan vera etiske og legale problem med slike samlingar, men forskinga rundt dei bør pågå så lenge den ikkje bryt med dei etiske prinsippa. Trass alt er den historiske verdien større og viktigare enn den økonomiske. Difor bør forskarar ha tilgang til samlinga anten ho er i Noreg eller i Afghanistan. Eg håpar den legale statusen kan tryggjast så snart som råd er, seier han.

Emneord: Etikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2004 08:46 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere