Skriv ned den munnlege historia

Dei tidlegare statsrådane Kari Gjesteby, Einar Førde og Astrid Gjertsen er blitt prøvekaninar for pilotprosjektet munnleg historie ved Forum for samtidshistorie. Dei skal fortelja om sine refleksjonar om moglege endringar i den politiske kulturen i Noreg, fortel prosjektleiar Helge Danielsen .

VIKTIG SUPPLEMENT: - Me synest det er viktig å ha ei samling av munnlege kjelder som kan vera med på å supplera dei skriftelege kjeldene, seier Helge Danielsen.
Foto: Ola Sæther

Det er professorane Helge Pharo og Even Lange ved Forum for samtidshistorie som er fagleg ansvarlege for forskinga medan Helge Danielsen altså er prosjektleiar.

- Me synest det er viktig å ha ei samling av munnlege kjelder som kan vera med på å supplera dei skriftelege kjeldene. På 1800-talet var det meir vanleg at politikarane skreiv dagbøker eller skreiv brev til kvarandre som gir oss meir informasjon enn berre det som står nedteikna som avgjerder i offisielle dokument.

- I dag finst det ikkje lenger slike kjelder, for mange samtalar med kvarandre, sender e-post eller brukar telefonen. Difor må me få denne tilleggsinformasjonen på ein annan måte. Det er grunnen til at me har sett i gong eit prosjekt der utvalde statsrådar fortel i munnleg form om sine refleksjonar om ting som skjedde då dei var aktive politikarar, fortel Helge Danielsen.

I første omgang har dei plukka ut tidsperioden 1977-1983. Den omfattar regjeringane til Odvar Nordli, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch.

Til no har dei intervjua tidlegare handelsminister Kari Gjesteby, tidlegare kyrkje- og undervisningsminister Einar Førde og tidlegare finansminister Ulf Sand.

Dessutan skal dei intervjua tidlegare forbrukar- og administrasjonsminister Astrid Gjertsen , tidlegare kulturminister Lars Roar Langslet og tidlegare utanriksminister Svenn Stray.

Håpar på forskingsprosjekt

- Me har valt ut forskjellige statsrådar som har sete i ulike regjeringar, og nokre av dei har også gjort ein byråkratisk karriere etter at dei gjekk av som statsråd. Målsetjinga vår er at pilotprosjektet skal utviklast til eit stort forskingsprosjekt der alle tidlegare regjeringsmedlemar og andre viktige samfunnstoppar frå denne perioden kan bli intervjua. Håpet er å skaffe finansiering til dette, seier Danielsen.

- I dag blir pilotprosjektet finansiert over dei ordinære rammene til Forum for samtidshistorie ved Historisk institutt og med tilskot frå HF-fakultetet. Røynslene har til no vore svært gode, og me har fått positive tilbakemeldingar frå dei me har intervjua om at dei har likt metodikken vår, fortel Helge Pharo.

Idé frå USA

Ideen kjem eigentleg frå University of Virginia i USA, som har intervjua alle stabsmedlemane og statsrådane til president Jimmy Carter.
- Dei byrjar med folk lengst nede i hierarkiet og går sakte, men sikkert oppover til dei til slutt intervjuar presidenten, fortel Danielsen.

Før eit intervju kan koma i gang, er det naudsynt med eit omfattande forarbeid.

- Ja, då samlar studentar på høgare grad saman opplysningar om intervjuobjektet frå skriftlege kjelder som aviser, tidsskrift og bøker. Det kan ofte dreia seg om mellom 100 og 150 sider. Alt blir samla i ei mappe og med forslag til kva tema som kan utforskast nærmare under intervjuet med dei tidlegare statsrådane.

- Ofte vil me spørja dei om deira opplevingar av dei politiske sakene dei har spelt ei viktig rolle i. Då ber me dei gjerne om at dei også kjem med sine refleksjonar om det dei har vore med på og kva dei synest har endra seg i politikken i dag i høve til den gong dei var hovudpersonar, forklarar Danielsen.

Media har endra politikken

- Blant dei endringane i den politiske kulturen som har vore framme i intervjua, er rolla til aviser, radio og fjernsyn. Det ser ut som om dei har ført til ei forandring av rammevilkåra for den politiske verksemda.

- Men også liberaliseringa av økonomien og oppløysinga og privatiseringa av verksemder og tenester som tidlegare var offentlege, er endringar som blir trekte fram, har Danielsen notert seg så langt.

Heile intervjuet blir tatt opp på lydband. Deretter blir det redigert og skrive ned.

- Då sender me det til gjennomlesing hos eks-statsråden, og han eller ho har høve til å be om at enkelte personlege opplysningar ikkje blir offentleggjort. Meininga er at desse intervjua i første omgang skal bli gjort tilgjengelege for forskarar.

- Dersom me får pengar til eit større prosjekt, vil me dela prosjektet inn i regjeringsperiodar. Difor vil me venta med å offentleggjera intervjua frå pilotprosjektet før me får vita om det kan få status som eit forskingsprosjekt, slår han fast.

Emneord: Statsvitenskap, Forskning Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2004 11:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere