Opphevar dødsdom mot iransk professor

Irans høgsterett har oppheva dødsdomen for blasfemi mot den intellektuelle systemkritikaren Hashsem Aghajari. Historieprofessoren blei dømt til døden i 2002 etter at han kravde endring i Irans shiamuslimske statsreligion og sa at muslimar ikkje er "apekattar" som blindt må fylgja dei religiøse leiarane sine, melder ntb og det franske nyhendebyrået AFP.

Arrestasjonen og dødsdomen mot Aghajari førte også til store studentdemonstrasjonar i Teheran og andre iranske byar. Dødsdomen blei også kritisert av Irans president Mohamad Khatami.

Vinnar av Nobels fredspris for 2003, advokaten Shirin Ebadi, bad i desembernummeret av Uniforum at akademikarar måtte setja i gang ein underskriftsaksjon for Aghajari.

Trass i at den iranske høgsteretten har oppheva dødsdomen for blasfemi, sonar han likevel ein dom på sju års fengsel for å ha kritisert tendensen til hierarkisering av shiaislam i Iran. Den iranske høgsteretten gir ikkje opp nokon grunn til at den har oppheva dødsdomen over Aghajari.

Emneord: Iran
Publisert 2. juni 2004 10:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere