Juss-Buss får pris for godt læringsmiljø

- Dei studentane som har hatt praksis i Juss-Buss gjer det mykje betre på eksamen etterpå enn før. Dessutan gjer studentane her ofte betre arbeid enn mange advokatar. Det seier professor og prosjektleiar for Juss-Buss, Kristian Andenæs. Han og dagleg leiar Kine Horsbøl er overlykkelege for at Styret har tildelt Juss-Buss Prisen for godt læringsmiljø for 2004.

NY INNSIKT: - Den store fordelen med å jobba for oss, er at det gir innsikt i saker som ikkje står på pensum i jusstudiet, seier Kine Horsbøl og Kristian Andenæs.
Foto: Ola Sæther

Ringjer du til Juss-Buss, vil du først høyra ein telefonsvarar som gir deg fylgjande alternativ: Trykk 1 om du har ein sakshandsamar, press 2 if you want information in English, trykk 3 om du ringjer frå eit fengsel og trykk 4 om du vil snakka med nokon som steller med den daglege drifta.

Telefonsvararen gir også eit godt bilete av kva Juss-Buss driv med. Det er nemleg utlendingsrett, fengselsrett, barnefordelingssaker, husleigesaker, psykiatri, gjeldsrett, sosialrett, arbeidsrett og trygderett som er hovudområda til denne studentdrivne rettshjelpsorganisasjonen.

- Det vil seia at det er dei som fell utanfor alle ordningar som har å gjera med fri rettshjelp som kjem til oss. Ingen av dei har råd til å engasjera dyre advokatar. Difor blir dei sende til oss, fortel dagleg leiar Kine Horsbøl. Ho er sjølv jusstudent og leier ei gruppe på 30 jusstudentar som alle har ein praksisperiode på halvtanna år hos Juss-Buss.

- Dei får alle 30 studiepoeng for denne praksisperioden, og dei må ha minst to år med offentleg rett og privatrett før dei kan søkja seg til Juss-Buss, fortel ho. Det er også populært blant studentane å skaffa seg praksis på denne måten.

- I år søkte 22 studentar, og 10 av dei blei plukka ut. I fjor var det derimot 30 som søkte dei 10 ledige plassane, seier ho og konstaterer ein liten nedgang i interessa.

- Gir innsikt i andre saker

- Den store fordelen med å jobba for oss, er at det gir innsikt i saker som ikkje står på pensum i jusstudiet. Dessutan får me sett ei annan side av det norske samfunnet. Me har faste mottak i forskjellige fengsel på Austlandet. Denne veka har Juss-Buss besøkt eit distrikts-psykiatrisk senter. Kvar tysdag er me på Blindern. Det er nemleg ein del studentar som tar kontakt fordi dei har problem med SiO som utleigar. Ikkje minst er det mange utlendingar som oppsøkjer oss, slik at me kan hjelpa dei med å anka til Utlendingsnemda etter at dei har fått avslag på ulike typar opphaldsløyve hos Utlendingsdirektoratet, fortel Horsbøl.

Hjelper dei svake

Det er dei svakaste av dei svake som får hjelp av Juss-Buss.

- Ingen advokatar vil ta i desse sakene, og difor sender mange av dei klientane til oss. Dette er saker som går på urettferdig behandling anten frå privatpersonar, private selskap eller offentlege instansar, seier Kristian Andenæs.

- Me kan hjelpa dei med å krevja sin rett, men me fører aldri saker for retten. Likevel hender det at juridiske kontor fører saker for oss i retten gratis fordi dei først kan få advokatløyve etter at dei har ført tre saker for domstolane, fortel Horsbøl og Andenæs.

Inspirerte av USA

Det var også idealistiske årsaker som var grunnen til at Juss-Buss blei oppretta i 1971. Kristian Andenæs er ein av veteranane, og har med enkelte avbrot vore med sidan 1972.

- Grunnleggjaren av Juss-Buss, Gunnar de Capua, var inspirert av bussinga av jusstudentar til dei fattige og svarte områda i USA på 1960-talet. Dei tok president Lyndon B. Johnsons ord om å kjempa mot fattigdomen på alvor og gav rettshjelp til fattige amerikanarar. Dei hjelpte også dei svarte i kampen mot rasediskrimineringa.

- I etterkant av studentopprøret i 1968 fann de Capua og andre jusstudentar ut at dei ville hjelpa folk som tidlegare aldri hadde fått hjelp av advokatar. Dei kjøpte ein buss og byrja å kjøra rundt i Oslo-området for å tilby folk rettshjelp.

- Sant å seia hadde dei uklare førestillingar om kva dette ville føra til, men folk byrja å strøyma til for å få hjelp til å få løyst dei juridiske problema sine. Dermed blei rettshjelp hovudoppgåva til Juss-Buss, fortel Andenæs.

- Motarbeidd av Advokatforeininga

Det var likevel ikkje alle som klappa i hendene over etableringa av denne rettshjelpstenesta.

- Advokatforeininga motarbeidde heile tida ideen om å oppretta Juss-Buss. Dei åtvara mot at jusstudentar skulle driva med slikt arbeid. Dei manglar jo både kunnskap og røynsle, hevda dei. Kritikken forstumma svært raskt etter at jusstudentane fekk vist kva dei kunne, smiler jussprofessoren.

Sidan starten har 734 jusstudentar hatt praksis i Juss-Buss. I løpet av eitt år tar 5000 personar kontakt.

- Dette viser at det er behov for Juss-Buss slik at folk får prøvd sin rett, slår dei fast.

Gjennom arbeidet sitt oppdagar dei mange reglar og ordningar som dei oppfattar som urettferdige.

- Rettspolitikk er også ei av arbeidsoppgåvene våre. Me organiserer debattar og møte med politikarane for å prøva å få endra reglar. På den måten kan me få færre saker som har å gjera med urettferdige reglar, forklarar dei.

I dag får Juss-Buss økonomisk støtte frå Justisdepartementet og Oslo kommune medan Universitetet i Oslo stiller med gratis lokale. Det er Institutt for kriminologi og rettssosiologi som administrerer Juss-Buss.

- Det har vore til nytte både for oss og for instituttet, synest Andenæs.

Pengemangel

- Pengemangel gjer likevel at me truleg må stengja Juss-Buss eit par veker i sommar. Dei tilsette kan ikkje jobba heilt gratis og må difor ha sommarjobb, fortel Kine Horstøl.

Ho veit enno ikkje kva dei skal bruka premien på 250 000 kroner til.

- Sidan me har ein heilt flat struktur, skal alle få sagt sitt før me bestemmer oss for kva pengane skal gå til. Det som er klart, er at det vil gå til eitt eller fleire prosjekt der alle medarbeidarane er involverte, og som i tillegg til å vera til nytt for miljøet på Juss-Buss, også er rettspolitisk interessant, seier ho.

- Det kan også henda pengane blir brukte som tilskott til studiereiser, legg Andenæs til.

NOREGS LOVER PÅ HJUL: - Ingen advokatar vil ta i dei sakene som Juss-Buss tar opp, og difor sender mange av dei klientane til oss, fortel prosjektleiar Kristian Andenæs og dagleg leiar Kine Horsbøl.

Emneord: Studentsaker, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2004 14:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere