Jon Storm-Mathisen tildelt UiOs forskingspris

Medisinprofessor Jon Storm-Mathisen er tildelt UiOs forskingspris for 2004. Det vedtok Universitetsstyret denne veka. Samtidig er kriminologiprofessor Cecilie Høigård tildelt formidlingsprisen og Juss-Buss prisen for godt læringsmiljø. Alle prisane er på 250 000 kroner.

FEKK FORSKINGSPRIS: Jon-Storm Mathisen er tildelt UiOs forskingspris for 2004.
Foto: Ola Sæther

Det er som ein av verdas fremste hjerneforskarar Jon Storm-Mathisen ved Institutt for medisinske basalfag, er mest kjent nasjonalt og internasjonalt.

I grunngjevinga for å gi forskingsprisen til han, legg juryen vekt på at han har lagt grunnlaget for det blomstrande miljøet som i dag finst på nevrobiologi. Ikkje minst blir det peika på den rolla han har spelt i arbeidet med å grunnleggja eitt av universitet sine senter for framifrå forsking. I tillegg blir det vist til at han har publisert ei rekkje sentrale arbeid innan forskingsfeltet sitt.

Som ein av seks nordmenn er han å finna på ISIs liste over verdas mest siterte forskarar. Til saman har Storm-Mathisen publisert over 200 vitskaplege arbeid.

Både formidlingsprisen og prisen for godt læringsmiljø går altså denne gongen til Institutt for rettssosiologi og kriminologi ved Det juridiske fakultetet.

UiOs formidlingspris går til professor i kriminologi Cecilie Høigård. Hovudgrunnen til at ho blei nominert, er boka Gategallerier og den tilhøyrande grafittiutstillinga. På denne måten skildrar ho kriminaliseringsprosessen og kontrollapparatet rundt grafittimiljøet slik at ho også når fram til folket på gata. Ho har også sett nærare på temaet prostitusjon.

Biografien Hard asfalt, som ho skreiv i samarbeid med "Ida Halvorsen" blei til spelefilm, og blei også nominert som det norske bidraget til Oscar-utdelinga sin kategori for beste utanlandske film. Både Cecilie Høigård og Liv Finstad arbeidde som manuskonsulentar og fylgde heile produksjonsprosessen. Boka Bakgater.Om prostitusjon, penger og kjærlighet, blei hovudbok i bokklubben Dagens Bok.

Juss-Buss fekk endeleg tildelt Prisen for godt læringsmiljø etter å ha vore i teten fleire år på rad. Juryen viser til at Juss-Buss gjennom 33 år har lagt ned eit imponerande arbeid innan rettshjelp. Samtidig har det ført til eit dynamisk og inspirerande læringsmiljø. Difor representerer dette miljøet eit glimrande høve til opplæring i praktisk juridisk arbeid der studentane får høve til å sjå samanhengar mellom teori og praksis, understrekar juryen.

Hans majestet Kongens gullmedalje til framifrå yngre forskarar er tildelt dr.med Mahmood Amiry-Moghaddam, dr.scient. Eli Knispel Rueness og dr.polit. Beate Elvebakk.

Alle prisane blir delte ut på Universitetets årsfest 2. september.

Emneord: Forskning, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 10. juni 2004 11:06 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere