Gentest kan stoppa ny tuberkulose

Ein enkel gentest og tilgang til moderne medisinar kan gjera det mogleg å stansa den vidare spreiinga av tuberkulose som er motstandsdyktig mot antibiotika. Det er konklusjonen i doktorgradsarbeidet til legen Olga Toungoussova ved Seksjon for internasjonal helse.

KAN STANSAST: - Ein enkel gentest og tilgang til moderne medisinar kan stansa den vidare spreiinga av multiresistent tuberkulose, trur dr.med. Olga Toungoussova.
Foto: Ola Sæther

Etter at tuberkulosetilfella hadde gått kraftig tilbake både i Noreg og i Russland gjennom heile 1900-talet, dukka tuberkulosen brått opp igjen i nordområda etter at Sovjetunionen braut saman i 1991. Den alvorlege utviklinga førte til eit helsesamarbeid mellom norske og russiske styresmakter for å gå til felles åtak mot denne sjukdomen.

Difor gjekk Universitetet i Oslo, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke saman med Northern State Medical University og Arkhangelsk Regional Tuberculosis Dispensary for å hjelpa dei sjuke og finna svaret på kvifor tuberkulosen var komen tilbake.

Eit resultat av dette samarbeidet, var at legen Olga Toungoussova byrja å pendla mellom heimbyen Arkhangelsk og Oslo. Først sanka ho saman opplysningar om pasientane og samla basillestammer som ho undersøkte i Oslo.
Arbeidet enda nyleg opp med ein doktorgrad i medisin.

Tuberkuloseeksplosjon

Funna hennar er svært viktige for den vidare kampen mot tuberkulose i dei russiske nordområda.

- På mindre enn ti år blei det dobbelt så mykje tuberkulose i Arkhangelsk. Denne auken skuldast i hovudsak eksplosjonen i nye typar tuberkelbasillar, som er blitt kalla for W-Beijing-stammar. Det var nemleg i Beijing dei blei oppdaga for første gong, men no er dei spreidde over heile verda og har ført til mange nye tuberkulosetilfelle, fortel Toungoussova. Desse basillane er motstandsdyktige mot antibiotika og meir smittsame enn andre typar tuberkulose.

Sjokkerande funn

Ho tok prøvar av vanlege folk i Arkhangelsk og av fangar i statsfengselet. Funna ho gjorde, var sjokkerande.

- Mange pasientar var smitta med basillar som var multiresistente og dermed blei behandlinga både vanskeleg og dyr. Kvar åttande diagnostiserte pasient hadde multiresistent tuberkulose, og to tredelar av tidlegare behandla pasientar var også multiresistente, fortel ho. Likevel var det enda verre i fengselet.

- Der hadde kvar tredje nye tuberkulosepasient basillar som var motstandsdyktige mot antibiotika, og rundt to prosent av fangane utvikla tuberkulose kvart år. I motsetning til dei med den gamle typen tuberkelbasillar, hadde langt fleire pasientar med W-Beijing tuberkelbasillar med heilt identisk DNA. Det vil seia at desse pasientane var smitta for kort tid sidan og at basillane ikkje hadde lege latente i kroppen slik dei mest vanlege basillane brukar å gjera. Difor spreier dei seg også raskare, forklarar ho.

Kan stansa spreiinga

Det positive var at tuberkulosekontrollen i Arkhangelsk klarte å redusera auken i tilfella av tuberkulose.

- Me fann også ut at 80 prosent av dei multiresistente basillestammene hadde ein bestemt mutasjon. Denne mutasjonen skjer i eit gen som me kallar for rpoB. På grunnlag av dette funnet er me no i gang med arbeidet med å utvikla ein gentest. Saman med moderne medisinar for multiresistent tuberkulose, kan det vera mogleg å stansa den vidare spreiinga, trur Toungoussova. Difor blir det no planlagt eit forsøk basert på hennar funn i fengselet i Arkhangelsk.

- Dersom det blir vellykka, kan det danna mønster for ein ny kontrollstrategi også andre stader, håpar ho.

Rettleiaren hennar, medisinprofessor Gunnar Bjune, meiner at dette er eit godt døme på kor viktig samarbeidet mellom Noreg og Russland er.
- Det har ikkje berre vist oss eit viktig problem, men dessutan gitt oss høve til å stansa utbreiinga av "den nye tuberkulosen" før den når Noreg for fullt, slår han fast.

Emneord: Forskning, Russland, Medisin Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2004 13:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere