Første Venus-passasje sidan 1769

I morgon, altså tysdag 8. juni klokka 07.19 vil planeten Venus gli inn framfor sola. I rundt seks timar vil Venus liggja som ei lita svart kule over solskiva. Ingen nolevande menneske har nokon gong opplevd noko liknande.

- Dette blir den største, mest sjeldne og viktigaste himmelhendinga i moderne tid, fortel astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard i ei pressemelding frå Astrofysisk institutt. I samband med dette himmelfenomenet blir det eit stort nasjonalt arrangement i Frognerparken i Oslo. Astrofysisk institutt ved UiO, Forskingsrådet og 20 andre organisasjonar vil delta med forskjellige aktivitetar og utstillingar. Tilskipinga vil ta til allereie klokkka 06.30. Den førre Venus-passeringa, som var synleg i Noreg, skjedde i 1769. Etter årets Venus-passasje vil den neste dukka opp i 2247.

Emneord: Astrofestival, Forskning
Publisert 7. juni 2004 16:42 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere