Deler Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA)

Studie- og forskingsadministrativ avdeling blir i framtida to avdelingar. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 8. juni.

EIN BLIR TO: Tidlegare studie- og forskingsdirektør Toril Johansson blir erstatta av to fagdirektørar.
Foto: Ståle Skogstad

Studie- og forskingsadministrativ avdeling skal i framtida delast inn i ein forskingsavdeling og ein studieavdeling. Det har Styret bestemt.

To direktørar

Begge avdelingane skal ha eigne direktørar, og Universitetsdirektøren får fullmakt til å lysa ut desse to stillingane. Det er ei ekstern evalueringsgruppe som har gått inn for ei deling. Universitetsstyret fylgde forslaget frå Universitetsdirektøren om å slutta seg til hovudlinjene i tilrådingane til denne gruppa. Utvalet går inn for at desse to avdelingane skal prioritera tre område: forskingsadministrasjon, fellesteneste for studentar og analysefunksjonar.

For at organisasjonen skal kunna tilpassast desse prioriteringane tilrår utvalet altså at forskingsadministrasjon skal skiljast ut i ei eiga avdeling og at studieadministrasjonen blir omorganisert slik at den kan bli betre rusta til å møta utfordringane etter gjennomføringa av Kvalitetsreforma.

Universitetsdirektør Hanne Harlem er einig med gruppa i at det er eit klokt grep å oppretta ei eiga avdeling for forsking med eigen direktør for å få til ei sterkare forankring av forskingsstrategiske spørsmål i leiinga. Ho peikar på at røynsla med dagens organisering viser at det er vanskeleg for ein direktør å dekka både forsking og studiar på ein god måte. Difor har den ledige stillinga etter studie- og forskingsdirektør Toril Johansson enno ikkje blitt utlyst.

No vil det i staden bli utlyst to stillingar, ei stilling som studiedirektør og ei stilling som forskingsdirektør. Det vil føra til ein ekstra kostnad på 900 000 kroner i året inkludert feriepengar, pensjonsinnbetaling og arbeidsgjevaravgift.

Likestilling

I tillegg til denne saka vedtok Universitetsstyret også handlingsplanen for likestilling ved UiO i perioden 2004-2006. Vedtaket inneber at det blant anna skal tildelast pengar til undervisningsfrikjøp og rekrutteringsfremjande tiltak på søknad frå fakulteta.

Styret vedtok også å etablera ein mellombels frukostkjellar for jusstudentane i Gymnastikkbygningen og at det skal bli sett i verk ei alumniordning for UiO.

Stray Lien konstituert

Dessutan vedtok Styret å konstituera assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien som universitetsdirektør for Hanne Harlem frå ho går ut i svangerskapspermisjon i august og til ho kjem tilbake på jobb i februar 2005. I denne tida skal Geir Strøm vikariera som assisterande universitetsdirektør. Han kjem frå staben til universitetsdirektør Kåre Rommetveit i Bergen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. juni 2004 14:18 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere