Clemet vil ha administrerande rektor

*Rektor kan anten tilsetjast av styret eller bli valt, og skal bli dagleg leiar både for den faglege og administrative verksemda.
*Både rektor og prorektor skal ut av styret og erstattast av to vitskapleg tilsette.
*Universiteta og høgskulane skal framleis vera statlege forvaltingsorgan med særskilte fullmakter.
*Gratisprinsippet blir lovfesta og studentane får rett til svangerskapspermisjon.

IMPONERER STUDENTANE: Statsråd Kristin Clemet imponerer studentane med forslaget om svangerskapspermisjon og lovfesta gratisprinsipp.
Foto: Ola Sæther

Det er det viktigaste innhaldet i regjeringa sitt forslag til Ny lov om universitet og høgskular. Framlegget blei lagt fram av statsråd Kristin Clemet rundt lunsjtid i dag.

- Eg synest ikkje dette lovframlegget skil seg noko særleg frå høyringsfråsegna til Universitetsstyret. Det einaste punktet der eg noterer ei viss usemje er at me kom med forslag om fleire valfrie ordningar, medan det ser ut som om regjeringa vil ha ein felles styringsmodell for alle dei statlege utdanningsinstitusjonane, seier rektor Arild Underdal på telefon frå Italia.

Han understrekar at han berre har fått lese samandraget av lovframlegget. Underdal har ingenting imot at rektor i framtida skal bli dagleg leiar for både den faglege og administrative verksemda ved Universitetet i Oslo. - Difor er det også naturleg at det blir ein ekstern styreleiar sidan rektor ikkje kan bli underordna ein av dei som han eller ho vil vera administrativ leiar for, slår han fast.

Felles for private og statlege

Den nye lova skal altså vera felles for både statlege og private utdanningsinstitusjonar og etter Clemets meining skal lova gi eit heilskapleg rammeverk for offentleg godkjent utdanning. Lovframlegget er ei oppfylging av innstillinga til Ryssdalutvalet.

- Me treng sterke akademiske institusjonar på eit høgt internasjonalt nivå. Konkurransen om studentar, lærarar, forskarar og om pengane aukar. Difor er det naudsynt med ei leiingsreform ved universiteta og høgskulane som gjer dei i stand til å møta den grunnleggjande internasjonaliseringa av høgare utdanning, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.

Ho viser til at både dei statlege og dei private utdanningsinstitusjonane på like fot skal kunne søkja om universitetsstatus. Det er det statlege kvalitetssikringsorganet NOKUT som skal kvalitetssikra alle studiar og som også kan avskilta dei studia som ikkje held høg nok kvalitet.

Gratisprinsipp og svangerskapspermisjon

For studentane inneheld framlegget også ein del godt nytt. Studentar får nemleg krav på permisjon under svangerskap, og dei blir også sikra retten til å ta opp igjen studiet på tilsvarande nivå som før permisjonen.

Gratisprinsippet blir lovfesta slik at det ved dei statlege utdanningsinstitusjonane som hovudregel ikkje kan takast eigenbetaling frå studentane for utdanning som fører fram til ein grad eller yrkesutdanning.

Dei private institusjonane får dessutan eit enda klarare ansvar for læringsmiljøet til studentane, og dersom dei får statstilskot kan dei heller ikkje ta ut økonomisk utbyte av verksemda si. Tilskot frå Staten og eigenbetaling frå studentane skal koma studentane til gode, blir det understreka i lovframlegget. Også studentar ved private institusjonar får lovfesta representasjon i styret og i andre styrande organ.

Kristin Clemet opplyste også at det vil bli sett i gang eit arbeid for å gå gjennom eigedomsforvaltinga i universitets-og høgskulesektoren.

- Utfordringane når det gjeld behovet for nybygg og vedlikehald av gamle bygningar finst også i andre delar av statsforvaltinga. Difor vil det vera praktisk og lurt å sjå eigedomsforvaltinga i vår sektor i samanheng med ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av bygg- og eigedomsforvaltinga generelt i Staten, sa Clemet og siterte direkte frå ordlyden i lovframlegget.

Clemet imponerte studentane

Det er Norsk Studentunion og Studentenes Landsforbund som er mest nøgd med framlegget til ny lov om universitet og høgskular. Dei meiner at departementet har fylgd opp krava frå studentorganisasjonane når det gjeld punkta om gratisprinsippet og studentrepresentasjon.

- Studentane treng for ein gongs skuld ikkje gå på barrikadane for å slåst mot framlegget til statsråden, men me kan kjempe for! Endeleg ein statsråd som har lytta til innspela frå studentorganisasjonane før avgjerda blir tatt, seier leiarane for Studentenes Landsforbund og Norsk Studentunion, Anne Marte Klubbenes (StL) og Trond Enger (NSU).

Vender fingeren ned

Både Forskarforbundet ved UiO og styreleiaren for Universitets- og høgskulerådet vender fingeren ned for forslaget.
Forskarforbundet er ikkje glad for at statråden går inn for ein ekstern styreleiar i Universitetsstyret. Det meiner at ein styreleiar valt blant dei eksterne medlemane i styret på ingen måte vil ha den legitimiteten som ein valt rektor vil ha, og vil heller ikkje ha den naudsynte kjennskapen til og kunnskapen om universitetet som forskings- og utdanningsinstitusjon.

I motsetning til andre bedrifter er universitetet sin kunnskapsbase og "kapital" fundert i grunnmiljøa og deira daglege forskingsinnsats, og ikkje i ei leiing basert på økonomisk-strategiske prinsipp. Forskarforbundet ved UiO går framleis inn for å halda fram med todelt leiing med valt rektor som styreleiar og universitetsdirektør som dagleg administrativ leiar, går det fram av ei fråsegn frå organisasjonen.

Heller ikkje styreleiar Kirsti Koch Christensen i Universitets- og høgskulerådet er glad for forslaget.

- Universitets- og høgskulerådet ser ikkje at framlegget til ny modell for styring og leiing ved universitet og høgskular vil gi ein betre strategisk og sterkare leiing enn dagens leiingsmodell, seier ho i ei pressemelding.. Rådet går inn for å halda fram med rektor som styreleiar og med dagens todelte modell for leiing.

- Me er glade for at det ikkje blir foreslått endringar i samansetjinga av styret, legg ho til.

Statsråd Krisin Clemet håpar at Stortinget kan handsama dette lovframlegget så tidleg som mogleg hausten 2004.
- Då kan eventuelle endringar skje frå hausten 2005, lovar ho.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2004 16:04 - Sist endra 10. des. 2008 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere