Clemet legg fram ny universitetslov

Ynskjer regjeringa eksternt fleirtal i universitetsstyra og tilsett og ikkje valt rektor? Det blir dei viktigaste spørsmåla som journalistar og universitetstilsette vil få svar på når utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet legg fram forslaget til ny lov om universitet og høgskular i dag kl. 12.15. Denne lova skal i framtida vera felles for statlege og private institusjonar.

VALT ELLER TILSETT? Kan Arild Underdal bli attvalt eller bli tilsett som rektor neste gong? Clemet gir svaret i dag.
Foto: Ola Sæther

Forslaget som blir lagt fram i dag er ei oppfylging av Ryssdalutvalets innstilling om Ny lov om universitet og høgskular. I fylgje Utdannings- og forskingsdepartementet inneheld framlegget eit heilskapleg rammeverk for offentleg godkjent høgare utdanning i Noreg. Det vil gjelda både fullmaktene institusjonane har til å oppretta og nedleggja utdanningstilbod, kvalitetssikring av utdanningstilbod og rettane og pliktane til studentane. Lovframlegget tar også opp spørsmålet om leiing og styring av statlege universitet og høgskular.

Emneord: Universitetspolitikk
Publisert 4. juni 2004 10:36 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere