Stengjer Blindernveien

Blindernveien mellom Moltkes Moes vei og Problemveien blir stengt heile dagen torsdag 6. mai. Årsaka er at vegstrekninga skal asfalterast.

NY STENGING: Blindernveien blir også stengt tordag 6. mai 2004. Dette biletet er henta frå eit anna år.
Foto: Grethe Tidemann

Denne asfalteringa er ei vidareføring av arbeidet med dei opphøgde gangfelta og dem nye kantsteinlinja, opplyser avdelingsleiar Karl Ove Strand i Parkavdelinga i Teknisk avdeling til Uniforum. Arbeidet blei påbyrja i fjor haust og måtte avsluttast då vinteren kom.

Desse siste anleggsarbeida er eit spleiselag mellom Viken Energi, Samferdselsetaten til Oslo kommune og Universitetet i Oslo.
- Samferdselsetaten har lova at omkjøring i samband med stenginga, skal bli godt skilta, seier Strand.

Emneord: Parkering Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2004 16:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere