Meir fast food og mindre á la carte

Det skal bli lettare å få seg ein hamburgar og noko grønt etter at SiO er ferdig med ombygginga av 2. etasje i Frederikkebygningen. Samtidig vil Proffens dagar som á la carte-restaurant vera over. - Ombygginga vil kosta SiO sju millionar kroner, fortel administrerande direktør Knut Marius Karlsen i Studentkafeene til Uniforum.

MEIR "FAST FOOD": Det skal bli meir "fast food" og mindre á la carte i Frederikkebygningen.
Foto: Ola Sæther

Studentsamskipnaden (SiO) stengjer både studentkantina Frederikke og restauranten Proffen frå 18. mai til 2. august. Grunnen er at dei skal byggjast heilt om.

- Ombygginga er mogleg fordi Universitetet i Oslo skal bruka fem millionar kroner på å skifta ut sprinklaranlegget i det same tidsrommet. Det fører til at heile 2. etasje i Frederikkebygningen blir stengt i denne tida, opplyser administrerande direktør Knut Marius Karlsen i Studentkafeene. Han oppmodar samtidig både studentar og tilsette til å bruka kafeen Frida og dei andre kafeane på Blindern så lenge Frederikke og Proffen er stengde. Studentar og tilsette vil ha vanskeleg for å kjenna igjen 2. etasje i Frederikkebygningen etter at ombygginga er ferdig.

- Proffen skal bli ein rein pizza- og lunsjstad, og ikkje lenger vera ein á la carte-restaurant.
Frederikke skal samtidig bli ommøblert og få nye serveringsdiskar. Dessutan vil kafeen få både eit eige hjørne med sterkt krydra mat og ein ny salat- og fruktdisk, fortel Studentkafeenes prosjektleiar Geir Sæther Aas.

Også tex-mex-staden El Charro vil snart vera historie.
- Me ynskjer å få inn ein eigen hamburgarstad i dette lokalet med "Burger King" som modell utan at me dermed har sagt at me vil ha inn akkurat den burgarkjeden, seier Karlsen, og viser til eit oppslag frå Dagens Næringsliv som fortel at omsetninga av kioskvarer som pølser og hamburgarar går rett til værs.

- Dette er ei bylgje som me vil utnytta for å auka inntektene våre, legg han til.

Det er mange grunnar til at SiO har valt å setja i verk dette omfattande arbeidet akkurat no.

- Sidan UiO likevel skulle skifta ut sprinklaranlegget i Frederikkebygningen og likevel måtte ha stengt 2. etasje på grunn av dette, fann styret ut at det var både rasjonelt og lurt å gjera ombyggingsarbeida våre i same periode. Matstadane er svært nedslitne. Ombygginga vil både gi studentane eit breiare tilbod og gi dei tilsette betre arbeidsforhold. Dessutan trur me at dette vil gi Studentkafeene auka inntekter, understrekar Karlsen.

Og for dei som likar å spela biljard og sjå på fjernsyn, blir det også ein del nye tilbod.

-Me vil oppgradera Biljarden og kjøpa inn ein kanon slik at studentar og andre kan sjå idrett og kultur på storskjerm, fortel han, og legg til at dei også har visjonar om framtida til wokstaden Frida.

- Det er mogleg at det kan bli ein frukoststad. Men det som er heilt sikkert, er at det er den kafeen som blir den store samlingsplassen på Blindern på kveldstid, meiner han.

Emneord: Kantine, Kaffebar, Studentsaker, Butikk Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2004 11:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere