Kong Harald deler ut Abelprisen 2004

- Matematikk er vakkert og ei utfordring for intellektet. Denne oppdaginga gjorde at me blei matematikarar. Det seier årets vinnarar av Abelprisen, Sir Michael Francis Atiyah og Isadore M. Singer til Uniforum. Kong Harald deler ut prisen i Universitetets Aula i morgon tysdag 25. mai klokka 14.

ABELPRISVINNARAR: Isadore M. Singer (t.v.)og Sir Michael Francis Atiyah får utdelt Abelprisen av kong Harald tysdag 25. mai.
Foto: Ola Sæther

Dagen før prisutdelinga treff Uniforum dei to matematikarane på Hotel Continental i Oslo. Både Sir Michael Francis Atiyah frå University of Edinburgh og Isadore M. Singer frå Massaschusetts Institute of Techonology er opptekne av å knyta matematikkforskinga si til tradisjonen etter det norske matematikkgeniet Niels Henrik Abel.

- Han opna døra til den moderne matematikken som er byrjinga på dagens matematikk. Det er rart å tenkja på at han hadde den same alderen då han døydde, som me hadde då me tok doktorgraden vår i matematikk, altså 26 år, fortel Singer og Atiyah. Begge fortel gjerne også litt om kvifor Abelkomiteen valde å gi Abelprisen 2004 til dei to.

Bygde bruer mellom matematikk og fysikk

- Dei meiner at me har gjort ein viktig innsats for å byggja bruer mellom matematikk og teoretisk fysikk. Me starta med denne forskinga for 40 år sidan og me heldt vel på med den i 20 til 25 år før me kunne forklara teoriane våre ved hjelp av teoriar både frå matematikk og fysikk. Då fann me ut at dei forskjellige resultata våre passa saman, og det var mogleg for oss å utvida resultata til også å gjelda for nye matematiske og fysiske problemstillingar, forklarar Singer og Atiyah.

Militærteneste med matematikk

Singer måtte ta med seg matematikkbøkene under militærtenesta under Den andre verdskrigen for å skaffa seg den kunnskapen han trengte for å kunna halda fram med realfag.
- Det enda med at eg aldri slutta å studera matematikk og held på med det enno, smiler Singer. Som 23-åring byrja han å studera matematikk på universitetet. Atiyah gjorde seg ferdig med militærtenesta på 1950-talet før han tok til med matematikkstudiet som 20-åring.

- Det var fint for oss å få eit lite avbrekk før me fekk bestemma oss for kva me ville bli, synest dei.

Abelprisvinnarane er opptekne av at dei utviklar Newtons lov og Einsteins relativitetsteori vidare mot dagens strengteori i matematikken. Dei synest det er synd at ikkje fleire studentar i Vesten ynskjer å studera matematikk.
- Det er likevel viktig å hugsa på at det var færre personar som tok høgare utdanning på 1960- og 1970-talet enn i dag. Men ved University of Edinburgh er det fleire studentar som byrja på informatikk og som fann ut at det var meir intellektuelt utfordrande å studera matematikk. Det er viktig at studentane ikkje blir pressa til å bestemma seg for eit fag før dei sjølve klarer å finna det ut, meiner Atiyah, som trefte Singer for første gong på ein matematikkonferanse ved Princeton-universitetet i USA. - Men det var først då eg kom til Oxford University at me byrja det langvarige samarbeidet vårt, fortel Singer.

- Eit godt poeng er at det var samtidig som dagens norske konge, Harald V, gjekk der. Det skal me fortelja han når me treff han i morgon, seier dei og ler hjarteleg.

Seks millionar på deling

Seks millionar kroner eller tre millionar kvar, kan dei setja på kontoen sin denne veka. Dei har også tenkt på kva dei skal bruka pengane til.

- Eg kan ikkje kjøpa meg Rolls Royce. Det vil den skotske kona mi seia nei til. Truleg vil eg gi pengane til eit godt formål innan familien min, svarar Atiyah.

- Før eg fekk prisen hadde kona mi og eg allereie bestemt oss for å pussa opp badet og kjøkenet i huset vårt, som me har budd i dei siste tjue åra. Pengane vil nok gå med til å finansiera dette prosjektet i tillegg til at eg no kan kjøpa meg meir tid, svarar Singer.

Abelprisen blei for første gong delt ut i fjor og er verdas største matematikkpris. Prisen ber namnet til minne om det norske matematikkgeniet Niels Henrik Abel (1802-1829).

Emneord: Niels Henrik Abel2, Forskning Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2004 14:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere