Ruth Vatvedt Fjeld: - For dårleg informerte om flytting!

- Den 1.april fekk eg det første brevet som stadfesta at HF-leiinga har bestemt at vår seksjon skal flyttast til Veglaboratoriet. Ingen har spurt oss om kva me meiner om dette. Det vil eg kalla for ei svært kritikkverdig handsaming, seier leiar for Seksjon for leksikografi og målføregransking , Ruth Vatvedt Fjeld. Ho får støtte i kritikken sin frå Kristoffer Kruken, som er leiar for Seksjon for namnegransking som også må flytta ut av P.A. Munchs hus.

STØY OG INNEKLIMA: - Eg vil stå hardt på for å få gjennomført ei undersøking om korleis støyforholda og inneklimaet er i Veglaboratoriet, seier Ruth Vatvedt Fjeld.
Foto: Ola Sæther

I førre veke kunne Uniforum melda at fakultetsleiinga ved HF i samråd med Universitetsdirektøren, har bestemt at Norsk Ordbok, Seksjon for leksikografi og målføregransking, Seksjon for namnegransking, Dokumentasjonsprosjektet og delar av fakultetsadministrasjonen skal flyttast til Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25.

- Dette fekk Seksjon for leksikografi og målføregransking først skriftleg informasjon om 1. april. Før det har me berre høyrt rykte om at me skulle flytta dit. Det vil eg kalla for svært slett personalbehandling, slår seksjonsleiar Ruth Vatvedt Fjeld fast.

Forlangar klimaanlegg

Ho viser til at etter Arbeidsmiljølova skal dei tilsette bli tatt me på råd dersom det er snakk om å flytta dei til nye lokale.
- Det har ikkje blitt gjort i dette tilfellet. Eg har også bede om få undersøkt arbeidsmiljøet i dei nye lokala , men eg har ikkje fått noko klart svar. Men eg vil stå hardt på for å få gjennomført ei undersøking om korleis støyforholda og inneklimaet er i Veglaboratoriet. Eit skikkeleg klimaanlegg er det minste me må kunna forlanga, seier ho til Uniforum.

Ikkje gode nok argument

Vatvedt Fjeld synest heller ikkje argumenta for å flytta Norsk Ordbok og dei to språkseksjonane ut av P.A. Munchs hus er gode nok.

- Dei er i alle fall ikkje fagleg motiverte. Så vidt eg forstår blir det understreka at me som held til i 1. etasje i P.A. Munchs hus ikkje driv med undervisning, men berre med forsking medan fakultetsleiinga helst vil bruka denne etasjen til undervisningsrom. Då forstår eg ikkje kvifor det er fakultetsadministrasjonen som skal overta lokala etter oss. Dei driv jo heller ikkje med undervisning, konstaterer ho.

- Underskot på universitetsdemokrati

Vatvedt Fjeld ser dette i samanheng med endringane av styringssystemet ved Universitetet i Oslo det siste året.

- Endringane av Universitetslova og innføringa av nye styringsmodellar ved UiO har ført til eit underskot på universitetsdemokrati. Det er denne saka eit tydeleg døme på. Denne avgjerda er tatt av fakultetsleiinga utan at dei tilsette i dei seksjonane som blir råka av dette vedtaket er blitt høyrde. Eg vil gjerne understreka, så sterkt som eg kan, at når det blir tatt ei viktig avgjerd ved UiO, må dei faglege argumenta vega tyngst, synest ho. Etter at seksjonen ho leier, er flytta til Veglaboratoriet, kan dei også mista viktige møtestader.

- For oss har det vore viktig at me i dag kan dumpa bort i studentar som gjerne vil vita kva me held på med sidan me til vanleg er svært lite synlege. Det fører ofte til konstruktive samtalar og høve til å rekruttera desse studentane som stipendiatar hos Seksjon for leksikografi og målføregransking og hos Seksjon for namnegransking, understrekar ho.

Ruth Vatvedt Fjeld er også viss på at dei kjem til å sakna den nære fagfellesskapen med Tekstlaboratoriet etter at dei har flytta til Veglaboratoriet.

- Viss eg hadde blitt spurt om råd før flyttevedtaket blei gjort, ville eg ha rådd til å venta med dette til omorganiseringa av HF-fakultetet er gjennomført. I denne saka er det stort sett berre tatt omsyn til behova til dei tilsette i prosjektet Norsk Ordbok 2014, medan me andre ikkje er blitt høyrde. Eg ser at Veglaboratoriet etter planen også skal rivast. Skal me då fungera som plasshaldarar for Universitetet i Oslo fram til rivinga tar til? spør ho.

- I denne saka er me tatt på senga. Og sjølv om det er fint at det er tatt omsyn til krava til dei tilsette ved Norsk Ordbok, er det også viktig at dei andre seksjonane som blir råka av flyttevedtaket blir høyrde, legg ho til.

- Dårleg og kritikkverdig

Kristoffer Kruken leiar Seksjon for namnegransking, som også skal flyttast til Veglaboratoriet. Han støttar synspunkta til kollegaen sin, Ruth Vatvedt Fjeld.

- Det har vore ei dårleg og kritikkverdig handsaming i denne saka. For oss har dette berre vore rykte, sidan me ikkje har fått skriftleg informasjon frå fakultetsleiinga. Dei einaste som har halde oss informerte, er instituttet og leiinga i Norsk Ordbok, registrerer han.

- Og så lenge me berre høyrer rykte, så er det vanskeleg å ta stilling til ei sak, meiner han. Kruken ser at det er store plassproblem i HF-bygningane, og synest ikkje det er kritikkverdig at fakultetsadministrasjonen ser seg om etter nye lokale.

- Det me kritiserer er sakshandsaminga og mangel på informasjon til dei tilsette i dei to omtalte seksjonane, konstaterer han. Dessutan vil han gi honnør til leiinga for Norsk Ordbok.
- Det er ikkje sikkert at me hadde kome så godt ut av denne flytteprosessen om ikkje dei hadde gått offensivt og konstruktivt ut frå første stund og tatt heile støyten med fakultetsleiinga. Og det er ikkje unaturleg at våre to seksjonar fylgjer med, når Norsk Ordbok tar med seg sine samlingar og flyttar til Veglaboratoriet, vedgår han.
Kristoffer Kruken ser likevel eit viktig dilemma med flyttinga.

- Skal me ta mest omsyn til behovet for å vera nær Norsk Ordbok og samlingane deira eller til behovet for å vera nær studentane og undervisningslokala? Når det er sagt, så synest eg at fakultetsleiinga har gjort ein god innsats for å skaffa oss god plass i dei lokala me skal flytta til. Me må likevel innretta oss på det som er vedtatt, konstaterer Kristoffer Kruken.

Emneord: Fakultetene, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 4. apr. 2004 18:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere