Trafostasjon blei sykkelverkstad

Trafostasjonen bak Frederikkebygningen på Blindern er ombygd til sykkelverkstad. - Dette skal bli ein sosial møteplass for sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget, håpar talsmann Mark D.Chapman.

KUTTAR SYKKELKJEDEN: Knut Erik Olsen kuttar sykkelkjeden og inviterer Mark Chapman t.h. og dei andre i sykkelgruppa inn i sykkelverkstaden på Blindern.
Foto: Martin Toft

Sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget ved UiO opna torsdag 18. mars ein eigen sykkelverkstad i den gamle trafostasjonen bak Frederikkebygningen på Blindern.

- Me takkar både Universitetet i Oslo, og ikkje minst Teknisk avdeling som har lete oss overta dette lokalet, sa talsmann for sykkelgruppa, Mark D. Chapman under opninga av den nye samlingsstaden til sykkelgruppa. Etter den korte talen, kunne Knut Erik Olsen, som også er kjent som driftsleiar for Vestre Blindern, klippa over sykkelkjeden som dei hadde strekt over døropninga, og sleppa alle dei ti frammøtte inn i den toppmoderne sykkelverkstaden. Verktyet er kjøpt inn for overskotet i klubbkassen. Sykkelgruppa har blant annan tent 10 000 kroner på å vera parkeringsvakter utanfor Vikingskipshuset på Bygdøy.

- Alle som har lyst til å bli medlem i sykkelgruppa, kan få bruka denne sykkelverkstaden, lovar Mark Chapman. Han vil oppfordra alle til å bli med på den neste store styrkeprøven.
- Det er sykkelturen frå Stryken til Sognsvann 11. juni. Dei som vil delta, kan koma hit og ta den siste finpussen på sykkelen før dei legg av garde, oppfordrar Chapman.

Emneord: Bedriftsidretten Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2004 11:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere