Universiteta saksøkjer IBM for 46 millionar

Universiteta i Bergen, Oslo og Trondheim saksøkjer dataselskapet IBM for 46 millionar kroner. 19. januar møter universiteta IBM i Follo tingrett. Årsaka til søksmålet er at løns- og personalsystemet som selskapet skulle levera hadde store feil og manglar, og difor blei avtalen heva i 2001.

Medan universiteta altså krev tilbakebetaling og erstatning for ekstrakostnadane sine, vil IBM ha utbetalt resten av beløpet. Det var i september 1999 IBM inngjekk avtalen om å levera eit integrert system for lønsproduksjon og personaladministrasjon til både UiB, UiO og NTNU. Men etter universiteta si oppfatning blei leveransen svært forsinka i tillegg til at systemet hadde store manglar. Etter at NTNU hadde opplevd store problem i samband med lønsutbetalingar, fråvær og innrapportering til staten våren 2000, kom universiteta i 2001 fram til at det ikkje var noko anna råd enn å heva kontrakten. IBM på si side krev at universiteta betalar tilbake fem millionar kroner som dei ikkje har betalt i høve til den opprinnelege avtalen.

- Gjennom sommaren og hausten 2000 blei det gjort mange forsøk på å få IBM til å levera systemet som avtalt, men det viste seg svært vanskeleg å finna ei løysing, seier assisterande universitetsdirektør ved Universitet i Bergen, Sverre Spildo til På Høyden. Han er koordinator for dei tre universiteta i denne saka.

Emneord: LØP
Publisert 8. jan. 2004 15:18 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere