Svensk-norsk union til gunst for Noreg

- Unionen med Sverige frå 1814-1905 var til gunst for Noreg. Det sa historieprofessor Ole Kristian Grimnes, UiO, under opninga av 1905-nettstaden denne veka.

POSITIVT: - Eg ser på unionen med Sverige som eit positivt mellomstadium før Noreg blei heilt fritt i 1905, seier historieprofessor Ole Kristian Grimnes.
Foto: Ola Sæther

Det var utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet som utførte den offisielle opninga av nettstaden 1905-nettstaden. Initiativtakar til nettstaden er nettverksprosjektet Prosjekt 1905 ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.

1905-nettstaden er eit norsk-svensk samarbeid som er ein del av hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga. Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet i Noreg har samarbeidd med det svenske Riksarkivet og Kungliga biblioteket i Stockholm. På den måten har nettstaden klart å samla masse stoff om 1905 frå aviser, dagbøker og filmklipp frå begge dei to landa.

- Godt grunnlag for nasjonsbygging

Professor Ole Kristian Grimnes frå Historisk institutt, UiO har gått gjennom unionstida og konklusjonen hans er at den altså var til stor gunst for Noreg.

- Den umodne norske staten fekk eit nett av institusjonar som gav eit godt grunnlag for vidare nasjonsbygging. Noreg hadde jo både eiga regjering, eiga nasjonalforsamling, eigen hær, eigen valuta, eigen sentralbank, eigne domstolar, eige rettssystem og eit eige embetsverk. Difor ser eg på unionen med Sverige som eit positivt mellomstadium før Noreg blei heilt fritt i 1905. På den måten kunne Noreg i fred og ro byggja opp ein sterk nasjonalstat, sa Grimnes.

Han meinte at Noreg ikkje hadde hatt nokon garanti for at frigjeringa hadde gått så smertefritt om Danmark ikkje hadde måtta gi frå seg Noreg til Sverige i 1814.

- Meir smertefull

- Då var Noreg på veg inn i ein full integrasjon i den dansk-norske heilstaten. I denne staten dominerte dansk kultur, dansk språk og det var lenge berre danske universitet. Framleis i dag er det sterke spor etter denne unionen. Og ei frigjering frå Danmark utan mellomperioden med ein union med Sverige, ville ha blitt mykje meir smertefull, trudde Grimnes.

- Men det er også klart at parlamentarismen blei ikkje fullt gjennomført i Noreg før i 1905, då landet fekk eit konstitusjonelt monarki og kongen berre blei eit nasjonalt symbol. Før 1905 spelte jo kongen i høgste grad også ei politisk rolle, slo Grimnes fast.

Emneord: Forskning, Unionsoppløysinga 1905 Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2004 15:04 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere