PST fekk utlevert namn på ikkje-vestlege studentar

Alle studentar ved Universitetet i Bergen som kjem frå land utanfor Schengen og Nord-Amerika, er blitt registrerte av Politiets tryggingsteneste (PST), melder studentavisa Studvest. - Vi har eit ansvar for folks tryggleik, forsvarar PST seg med. Rektor Arild Underdal vil ikkje svara på om UiO også har utlevert namnelister til PST.

PST: Rektor Arild Underdal stadfestar at PST har bede UiO om namn på utanlandske studentar.
Foto: Ola Sæther

PST meiner at finst fleire hundre utanlandske studentar ved norske universitet som tileignar seg kunnskap om korleis dei skal utvikla masseøydeleggjingsvåpen.

PST vil no kartleggja studentane for å finna ut om dei representerer eit trugsmål mot Noreg og resten av verda.

Tryggingstenesta er også i kontakt med fleire hundre bedrifter og institusjonar for å gjera dei medvitne om dette forholdet.

Universitetet i Oslo er også blitt kontakta av Politiets tryggingsteneste, men rektor Arild Underdal vil ikkje seia om dei har gitt opp namn på studentar til PST.

- Eg vurderer den førespurnaden me har fått frå Tryggingstenesta for å ha eit slikt innhald at eg ikkje vil offentleggjera det. Det får vera opp til Tryggingstenesta sjølv om dei vil fortelja kva førespurnader dei går ut med, seier rektor Arild Underdal til NRK.

Emneord: Studentsaker, Terror i USA
Publisert 29. jan. 2004 10:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere