IBM betaler 20 mill. kr. for å unngå rettssak

IBM har inngått eit forlik med staten for å unngå rettssak om den mislykka innføringa av nytt løns- og personalsystem ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim. Forliket kostar IBM rundt 20 millionar kroner, melder Dagens Næringsliv.

- Dette er eit forlik som begge partar ser seg tente med, seier assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo ved Universitetet i Bergen til Uniforum.

- Det var viktig for oss å finn fram til ei minneleg ordning og leggja forholda til rette for å halda fram med eit godt samarbeid med IBM også i framtida, legg han til.

Rettssaka skulle ha byrja måndag 19. januar i Follo tingrett og skulle etter planen ha tatt fire veker. Fredag 16. januar hadde partane eit møte i Oslo der dei blei samde om å løysa konflikten.

For staten deltok assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo ved Universitetet i Bergen og IT-direktør Arne Laukholm frå Universitetet i Oslo i forhandlingane med IBM.

Til slutt godkjente statsråd Kristin Clemet avtalen som dei kom fram til med IBM-direktør Morten Thorkildsen og juristen til selskapet, Dag Frøystad.

Forliket er på 20 millionar kroner og inneber at begge partar trekkjer krava sine. Staten kravde opphaveleg 46 millionar kroner i erstatning medan IBM presenterte eit motkrav på fem millionar kroner.

Avtalen går ut på at IBM skal levera IT-utstyr og programvare med ein verdi på 20 millionar kroner til dei tre universiteta. Dette utstyret skal brukast på fagfelt som astrofysikk, bioinformatikk, klimaforsking og kvantekjemi.
- Løysinga med fri tilgang til IT-utstyr og programvarer frå IBM til ein verdi på 20 millionar kroner, er god for universiteta, understrekar assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo.

IBM-direktør Morten Thorkildsen vedgår overfor Dagens Næringsliv at ei rettssak med staten ville vera svært dårleg reklame for selskapet.

- Det er eit forlik som ikkje tar stilling til den juridiske sida av saka, seier han til avisa.

Emneord: Økonomi, LØP Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2004 10:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere