Fredsinitiativet ber UiO laga utgreiing om krig og fred

- Me vil oppmoda både rektor og Universitetsstyret til å setja i gang eit større forskingsprosjekt om Noregs og UiOs rolle i krig og i fredsarbeid. Det seier Rolf Solvang i Fredsinitiativet på Blindern. - Eg kjem ikkje til å ta eit slikt initiativ, men forskarar og studentar må gjerne gjera det, seier rektor Arild Underdal.

KRIG OG FRED: - Fredsinitiativet på Blindern oppfordrar UiO til å ta initiativ til ei utgreiing om Noregs rolle i krig og i fredsarbeid, seier talsmann Rolf Solvang.
Foto: Ola Sæther

- Me tenkjer oss eit stort prosjekt som liknar på Maktutgreiinga og som kan engasjera forskarar frå fleire forskjellige miljø, forklarar realfagsstudent Rolf Solvang, som er talsmann for Fredsinitiativet på Blindern i denne saka. Han meiner at både NUPI, Institutt for fredsforsking (PRIO) og Norsk senter for menneskerettar må vera aktuelle fagmiljø for dette.

- Det kunne også vera ein idé å samarbeida med andre norske universitetet om eit slikt prosjekt. Då kan Universitetet i Oslo verkeleg gi eit bidrag for fred og mot krig, understrekar Solvang.

Fredsinitiativet på Blindern var svært aktiv før og under krigen mot Irak og mobiliserte 100 studentar som alle blei med til rektorkontoret for å overlevera kravet om at styret måtte protestera mot krigen. I dag satsar organisasjonen på å halda liv i debatten om krigen i Irak, og vil gjerne ha Universitetsstyret på bana igjen.

- Send eit protestbrev til regjeringa!

- Universitetsstyret må protestera mot at norske soldatar deltar i krigen i Irak. Difor ber me styret om å handsama forholdet sitt til krigen i Irak og senda eit protestbrev til regjeringa. Dette kan gjerast ved å slutta seg til kampanjen "Hent soldatane heim." seier Solvang.

Også i mai bad Fredsinitiativet på Blindern om at Universitetsstyret skulle vedta ein resolusjon om krigen i Irak. Den gongen blei det ikkje tid til å handsama dette spørsmålet og saka skulle utsetjast til eit seinare møte.

- Me oppfordra både rektor og Universitetsstyret til å seia nei til krigen i Irak, men me blei møtt med likesæle og ein rektor som meinte det ikkje var oppgåva hans å stoppa krigen. Difor prøver me på nytt og ber om at styret protesterer mot at norske elitesoldatar hjelper til med å festa grepet på okkupasjonen av Irak, konstaterer han

- UiO kunne ha hindra norsk deltaking

- Ein protest frå UiO i mai kunne kanskje ført til at regjeringa hadde lete vera å senda norske soldatar til Irak, trur Solvang.

Den gongen lovde rektor Arild Underdal at han ville invitera ei rekkje profilerte forskarar til ein idédugnad for å finna ut korleis UiO kunne hjelpa det irakiske folket etter at krigen var slutt. No vil Solvang gjerne vita kva som skjer med dette initiativet. Samtidig er han rask til å leggja til at det ikkje bør bli tatt initiativ til samarbeid med universitet i Irak så lenge norske elitesoldatar er i landet.

- I dag er Noreg med i kappløpet om å riva ned for seinare å byggja opp i Irak. Eg er overtydd om at eit fleirtal av medlemane i Universitetsstyret ville støtta ein slik protest om den kom opp som sak på neste møte. Fleirtalet i Universitetsstyret må jo kunne ha ei eiga meining, sjølv om den vil vera forskjellig frå meininga til rektor, synest han og viser til at det var mogleg å få til ein felles resolusjon frå Kollegiet om krigen i Kosovo.

- Eg nektar å tru at det skal vera vanskelegare å få til ei felles haldning mot krigen i Irak, legg han til.

- Inngår ikkje i vårt mandat

Rektor Arild Underdal finn ikkje noko nytt i brevet frå Fredsinitiativet på Blindern.

- Det inneheld ikkje nye opplysningar eller argument som tilseier at eg skulle endra den oppfatninga eg har gjort greie for tidlegare når det gjeld resolusjonar om spørsmål som ikkje inngår i mandatet til styret eller rektor. Brevet er derimot sendt til medlemane av Styret, så viss nokon no skulle ha eit anna syn, kan dei gi uttrykk for det, slår han fast.

Når det gjeld spørsmålet om å setja i gang eit eige forskingsprosjekt på Noregs rolle i krig og i fredsarbeid, kjem han ikkje til å fylgja oppmodinga om å ta initiativ til dette.

- Eg har heller ingen planar om å organisera eit stort forskingsprogram om "Norges og UiOs rolle i krig og fredsarbeid", men ser gjerne at forskarar og studentar på eige initiativ tar opp slike tema. Noregs rolle i internasjonale konfliktar har faktisk blitt tatt opp i fleire studiar, understrekar Underdal.

Emneord: Irak, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2004 10:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere