UiO raser mot datafirma

Informasjonsavdelinga har tatt imot 275 illsinte e-postar etter at mange UiO-tilsette ikkje fekk sendt svara sine på den elektroniske spørjeundersøkinga om interninformasjon. - Me er like leie oss og fortvila som forfattarane bak e-postane, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal, som gir datafirmaet Questback skulda. No varslar han ein skikkeleg oppvask.

OPPVASK: Informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal varslar ein skikkeleg oppvask overfor datafirmaet QuestBack.
Foto: Ola Sæther

- Firmaet har ikkje halde det dei har lova då dei sa at det skulle vera problemfritt å senda spørjeskjemaet til alle dei 5700 tilsette ved Universitetet i Oslo. Det gjekk likevel ikkje lang tid frå dei første svara kom inn til datatenaren deira braut saman. Konsekvensen blei at mange andre ikkje fekk sendt svara sine etter at dei hadde brukt frå eit kvarter til ein time på å svara på undersøkinga, fortel Helge Kjøllesdal. Han forstår godt at folk er frustrerte.

- Ja, det gjer eg, men i dette tilfellet er det viktig ikkje å retta kritikken mot Informasjonsavdelinga for det er berre tekniske årsaker til at folk ikkje får sendt svara frå seg. Om dei har kritiske merknader til innhaldet og til spørsmåla i undersøkinga, er derimot Informasjonsavdelinga rett kanal for kritikken, presiserer han.

Vil kartleggja interninformasjonen

Bakgrunnen for spørjeundersøkinga er at Informasjonsavdelinga ynskte å kartleggja korleis interninformasjonen fungerer ved UiO.

- Me ville gjerne finna ut om det er nokre kanalar for interninformasjon som ikkje verkar godt nok eller om det er naudsynt å finna andre arenaer for interninformasjon enn dei me har i dag. Dette er viktig for at både den sentrale leiinga og leiinga for institutt og fakultet kan ta rette avgjerder, understrekar Kjøllesdal.

- Fordi undersøkinga skal brukast lokalt, sende me undersøkinga til alle dei tilsette til UiO, legg han til.

Det er meiningsmålingsbyrået Opinion A/S som utfører undersøkinga på oppdrag frå UiO. Alle svara går direkte til ein database hos datafirmaet QuestBack, som har levert den elektroniske løysinga som blir brukt.

Hat-mail

Informasjonsavdelinga fekk tilbakemelding frå dei tilsette, men på noko heilt anna enn det dei hadde venta.

- Me fekk masse hat-mail om kor elendig denne undersøkinga var sidan dei ikkje fekk sendt svara sine. Dette er eit teknisk problem som datafirmaet QuestBack ikkje har klart å rydda opp i. Og om dette problemet ikkje blir løyst, blir det eit både eit grundig økonomisk oppgjer og ein skikkeleg oppvask med firmaet om dei tekniske manglane ved det systemet det har levert til UiO, opplyser Kjøllesdal til Uniforum.

- Men kvifor valde det dette firmaet?

- Årsaka var at Studie- og forskingsadministrativ avdeling allereie hadde ein lisensavtale med QuestBack. Det ville bli billegare enn om me hadde brukt selskapet som meiningsmålingsbyrået Opinion A/S vanlegvis brukar.

- Fører vanskane til at spørjeundersøkinga om interninformasjon blir avlyst?

- Nei, det er det ingen planar om å gjera. For trass alt så har over 30 prosent av dei tilsette lykkast i å senda svara sine til Opinion. Og det er like mange vitskapleg tilsette som teknisk/administrativt tilsette som har svart. Først når me ser den endelege fordelinga av vitskapleg tilsette i høve til teknisk/administrativt tilsette, kan me avgjera om undersøkinga kan gjennomførast som planlagt, seier Kjøllesdal.

QuestBack-direktøren lei seg

Administrerande direktør Ivar Kroghrud i QuestBack seier seg svært lei for dei problema UiO har hatt i samband med den elektroniske spørjeundersøkinga om interninformasjon.

- Grunnen til vanskane er eit teknisk problem hos QuestBack. Diverre har problemet råka UiOs undersøking. Mange har opplevd problem med å få sendt svara frå seg, men trass alt har over 30 prosent svart, og det er ein ganske høg svarprosent for ei såpass omfattande undersøking, seier Kroghrud. Han understrekar at selskapet tidlegare har gjort fleire hundre undersøkingar for UiO utan at dei har opplevd slike problem tidlegare.

Dei som enno ikkje har svart på undersøkinga, kan gjera det til og med 22. desember.

Emneord: Informasjonsavdelinga, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2003 10:51 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere