Styret krev målretta likestillingstiltak

Likestillingstiltaka ved UiO må bli meir målretta. Det meiner Universitetsstyret som denne veka difor samrøystes vedtok å senda forslaget til likestillingsprosjekt tilbake til administrasjonen fordi det ikkje går langt nok.

MÅLRETTA LIKESTILLING: Styremedlem Harriet Bjerrum Nielsen vil ha meir konkrete og meir målretta likestillingstiltak på UiO.

Styret gav dermed administrasjonen klare føringar om å leggja fram meir konkrete mål og tiltak for likestillingsarbeidet ved UiO. Dermed kjem saka opp til ny handsaming i januarmøtet.

I forslaget frå Universitetsdirektøren skulle styret slutta seg til eit fem år langt likestillingsprosjekt ved UiO. Det blei også foreslått å oppnemna ei styringsgruppe som i samarbeid med fakulteta skulle disponera den årlege ressursramma som Styret stiller til disposisjon for å auka talet på kvinner i vitskaplege stillingar ved universitetet.

For neste år skulle det løyvast 1,8 millionar kroner til dette arbeidet. Det var klare signal frå styremedlemane at det ville ha gjennomført eit slikt likestillingsprosjekt ved UiO. Av dei som tok ordet, ville alle, bortsett frå Egil Myklebust, utan nøling gjerne løyva meir pengar til desse tiltaka enn det som låg føre i forslaget til vedtak.

Det var dessutan stemning for å gi ekstra pengar til dei einingane som kunne visa til konkrete resultat i arbeidet for likestilling, ikkje minst når det gjeld tilsetjing av kvinner i vitskaplege stillingar.

- Styret må gi signal

- Det er viktig med fleire konkrete tiltak som fakulteta må påleggjast å gjennomføra. Av den grunn er det naudsynt at det kjem eit klart signal frå Styret i denne saka. Likestilling er eit overordna mål for universitet både i Noreg og i andre land, understreka ekstern representant Boel Flodgren. Representant for dei vitskapleg tilsette, Harriet Bjerrum Nielsen la fram eit eige forslag som gjekk enda lenger i bruk av økonomiske tiltak for å få fleire kvinner inn i vitskaplege stillingar ved UiO.

- Heller pengar enn kontroll

- Dette er eit forslag som i staden for bruk av kontroll, vil ta i bruk oppmuntringar og pengar for å gi eit meir positivt bilete av likestillingsarbeidet ved UiO, forklarte ho. Ekstern representant Paul Chaffey meinte at det ikkje var mogleg å endra dårlege likestillingsstatistikkar ved hjelp av pengar.

- Det må skapast ei endring av kultur og haldningar for å få det til. Difor må det leggjast vekt på arbeidet for likestilling på leiarkursa til universitetet, slo han fast.

- Kjønnsdiskriminering eksisterer

Representant for dei vitskapleg tilsette Kristian Gundersen var også villig til å ta i bruk økonomiske verkemiddel for å få fart på likestillingsarbeidet ved UiO.

- Etter at eg har arbeidd som forskar gjennom nokre år, har eg fått augo opp for at det eksisterer ein prosess som fører til kjønnsdiskriminering på eitt eller anna vis. Difor er eg tilhengjar av å setja av ein økonomisk pott som kan oppmuntra einingane til å setja i verk tiltak som kan føra fram til auka likestilling på universitetet. Det kan gjerne vera frå 3-5 millionar kroner over ein femårsperiode.

- Men eg er ikkje tilhengjar av at til dømes MN-fakultetet skal leggja meir ressursar i botanikk enn i zoologi berre fordi det er fleire kvinner blant dei vitskaplege tilsette i botanikk, gjorde han heilt klart.

- Vil innebera omfordeling

Ekstern representant Egil Myklebust var den einaste som sto fram som ein klar motstandar av at Styret skulle diskutera storleiken på dei økonomiske verkemidla.

- Eg er ikkje einig i at Styret skal sitja og bestemma kor mykje pengar som skal brukast til desse tiltaka. Difor sluttar eg meg til rektor Arild Underdals forslag om å få saka opp til ny handsaming i neste møte.

-Dei økonomiske verkemidla må vera med i budsjettframlegget for neste år. Konkrete pengeløyvingar vil nemleg krevja omfordeling av ressursar på universitetet.
Det er ikkje forsvarleg å binda seg til å ein bestemt pengesum for dei neste fem åra før det er gjort, peika han på.

Til slutt trekte Harriet Bjerrum Nielsen sitt forslag etter at ho fekk lovnad om at det neste framlegget til vedtak i denne saka skulle vera meir konkret og målretta enn det opphavelege forslaget frå Universitetsdirektøren. Dermed slutta eit samrøystes styre seg til framlegget om å utsetja likestillingssaka til januarmøtet.

Emneord: Likestilling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2003 17:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere