Stiftar norsk senter i Tyrkia

Guvernøren i Izmir i Tyrkia stiller eit hus til disposisjon for eit norsk kultursenter like ved fortidsbyen Metropolis. - Dette vil gjera feltarbeidet mykje lettare for norske arkeologar som deltar i utgravingane, seier førsteamanuensis Håkon Ingvaldsen ved Universitetets kulturhistoriske museum.

METROPOLIS: Denne 5000 år gamle oldtidsbyen i nærleiken av Izmir i Tyrkia er norske arkeologar med på å grava fram. (Foto: Håkon Ingvaldsen, UKM)

Fortidsbyen Metropolis blei funnen igjen omkring 1990 og låg opprinneleg sentralt til på hovudferdselsåra mellom Smyrna (Izmir) og Persarriket. Dei fyrste spora etter menneske på staden kan førast over 5000 år tilbake. Byen blei grunnlagt av grekarane og seinare overteken av romarane. I år 100 e. Kr. blei byen fråflytta. Dermed var det fritt fram for vegetasjonen som til slutt dekka heile byen.

Tyrkias Pompei

På den måten blei Metropolis, eller moderbyen som namnet tyder, sakte, men sikkert gravlagt. Byen dukka ikkje opp att før nokre arkeologar fann dei første restane av ruinane frå denne oldtidsbyen i 1990. Tyrkiske styresmakter sette i gang eit storstilt utgravingsarbeid av byen, som av mange er kalla for Tyrkias Pompei. Gjennom kontaktar med tyrkiske forskarar kom også arkeologen Håkon Ingvaldsen frå UiO til denne byen.

- Samanlikninga med Pompei haltar litt. For medan Pompei var ein by som det budde folk i då oska lava ned og gravla byen, var Metropolis utsett for ei planlagd fråflytting. Dessutan blei den litt etter litt dekka av vegetasjon før den til slutt forsvann under jorda, fortel han.

Norsk kultursenter

No er han svært stolt over at Tyrkisk-norsk vennskapssamband, som han er med og leier, har fått tildelt gratis lokale til eit norsk kultursenter i Izmir. Resultatet er stiftinga "Norway House", som han leier interimstyret for.

- Dette vil gjera det lettare for oss arkeologar å utføra arbeidet vårt. Det er viktig å hugsa på at i Antikken var det ingen skilnad mellom Tyrkia og Hellas. Dei gongene me har jobba med prosjekt i Hellas, som har tilknyting til dagens Tyrkia, har delar av prosjektet av og til stansa opp av forskjellige årsaker. Med eit eige senter i Izmir i nærleiken av Metropolis, vil det bli lettare å fylgja opp prosjekta våre både i Tyrkia og i Hellas, slår han fast.

- Betrar forholda for middelhavsarkeologar

- Medan det finst mange utgravingsfelt i dei nordiske landa for arkeologar som er ekspertar på steinalder-, folkevandrings- og vikingtida, må middelhavsarkeologane ha ein avtale med kvar av dei respektive landa for at dei skal kunna delta i utgravingar. Dermed vil denne avtalen med tyrkiske styresmakter gjera forholda enda betre for oss, meiner han.

Senteret vil fungera som kontor og overnattingsstad for arkeologane og arkeologistudentane som skal delta i utgravingane. Også andre tilsette ved UiO kan få tilbod om overnatting i senteret, så sant det er plass.

- Kultursenteret vil hovudsakleg bli brukt om sommaren når dei tyrkiske universiteta har ferie. For oss vil det seia at me vil vera her saman med studentane i seks veker i august og september, forklarar han. I første omgang vil han ta med seg to doktorgradsstudentar og ein konservator.

- Men det vil ikkje bli fast tilsette ved senteret. Det vil dermed stå til disposisjon for Tyrkia-interesserte i den tida norske arkeologar ikkje deltar i feltarbeid i Metropolis, legg han til.

Springbrett

Han trur også etableringa av det norske senteret kan fungera som springbrett til vidare samarbeid med Tyrkia.

- Både innan kultur, forsking og næringsliv trur eg Noreg og Tyrkia vil ha stort utbyte av å ha eit nærare samarbeid. Tyrkia er eit viktig land med den eine foten i Vesten og den andre foten godt planta i Midtausten. Det er dessutan viktig å få dei tyrkiske styresmaktene med på laget utan at det automatisk inneber at me skal godta den politikken dei står for. Førebels har i alle fall det vore uproblematisk, meiner Ingvaldsen.

Emneord: Internasjonalisering, Arkeologi Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2003 20:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere