Sommarskule-medarbeidar i USA heidra

JoAnn Jordahl Kleber, som i 25 år leia Den internasjonale sommarskulens kontor i USA, er nyleg tildelt den norske USA-ambassadøren sin heiderspris, the Ambassador ´s Award. Ho får prisen for bidraget sitt med å styrkja banda mellom Noreg og USA i dei åra ho leia USA-kontoret til Den internasjonale sommarskulen ved UiO.

Kontoret har sidan starten i 1948 hatt lokale i St. Olaf College i Minnesota. Jordahl Kleber fekk tildelt prisen av Noregs ambassadør i USA, Knut Vollebæk under det årlege møtet til U.S.-Norway Forum i Minneapolis. Både Noregs utanriksminister Jan Petersen og USAs tidlegare visepresident Walter Mondale var til stades under tilskipinga.

Emneord: Priser
Publisert 11. des. 2003 12:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere