Norsk Ordbok får økonomisk naudhjelp

Norsk Ordbok får ei ekstraoverføring på 600 000 kroner for 2004. Denne summen kjem i tillegg til det opphavelege budsjettframlegget frå Kulturdepartementet. - Dette var minimum av det me trengte for å kunne halda oppe målet om å bli ferdige i 2014, seier prosjektdirektør Kristin Bakken til Uniforum.

SMILER: Både hovudredaktør Lars S. Vikør og prosjektdirektør kan smila etter at Norsk Ordbok har fått meir pengar frå Stortinget.
Foto: Martin Toft

Det var i midten av oktober Uniforum kunne fortelja at Norsk Ordbok mangla tre millionar i høve til det prosjektet måtte ha for å kunne oppfylla målet om bli ferdig i 2014. No er det altså klart at prosjektet får 600 000 friske kroner i tillegg til framlegget frå Kulturdepartementet på 6,868 millionar kroner. Det framlegget var mindre enn heile lønsbudsjettet fro 2003, som var på 7, 469 millionar kroner.

Hindrar nedbygging

Ekstraoverføringa frå Stortinget blir overført til Norsk Ordbok før jul, og skal altså nyttast i 2004.

- Denne summen skal me strekkja så langt som råd, og den vil hindra at me må byggja ned aktivitetsnivået neste år, konstaterer Kristin Bakken. Tidlegare i haust hadde prosjektdirektør Kristin Bakken og styreleiar Magnus Rindal eit timelangt møte med kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Og dei var nøgde med signala ho gav i det møtet.

Statsråden går for 2014

- Statsråden gjorde det klart at ho står fast på målet om fullføring i 2014, og var einig i at det var naudsynt å kompensera for seinare det underskotet i årsverk me opparbeider oss i år. Dette tyder på at me må utarbeida alternative planar for kor raskt gjennomføringa av prosjektet skal gå i samband med budsjettsøknaden for 2005. Det viktigaste for oss er at målet om å fullføra prosjektet i 2014 framleis står fast, understrekar Bakken.

Ho meiner at det då er logisk å tolka statsråden som at ressursane vil tilflyta prosjektet etter kvart.

- Grunnen til at eg trekkjer den konklusjonen er at det ikkje er sett spørjeteikn ved ressursanalysen som budsjettsøknadane våre kviler på, seier ho.

Til saman har regjeringa kome med framlegg om å løyva 6,868 millionar kroner til prosjektet.

- Tilfredse med merknad

- Ingen har kome med framlegg om å kutta denne løyvinga, fortel ho nøgd. Men ho er enda meir nøgd med ein merknad som fleirtalet i Familie-, administrasjons- og kulturkomiteen hadde lagt til budsjettet. Ordlyden er slik: "Norsk Ordbok skal ferdigstilles til grunnlovsjubileet i 2014. Flertallet understreker at prosjektet skal gjennomføres etter planen, og forutsetter at departementet sørger for nødvendig finansiering for at det skal skje." Det var berre FrPs medlemar i komiteen som stemte imot å leggja inn denne merknaden.

- Dette er me svært tilfredse med sidan det er resultatet av at komitémedlemane har lese vårt skriftlege innspel. No håpar me at denne merknaden kan brukast som utgangspunkt for budsjettsøknaden for 2005, konkluderer ho med.

Emneord: Forskning, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2003 16:41 - Sist endra 10. des. 2008 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere