Per Thomas Andersen får prisen for den mangfaldige produksjonen av bøker om norsk litteratur. Leiaren for priskomiteen, Jan Erik Ebbestad Hansen trekte først og fremst fram verket "Norsk litteraturhistorie" som gir ei omfattande framstilling av norsk litteratur frå mellomalderen og fram til i dag.
- Mange av hans kollegaer ville rekna det som eit umogleg prosjekt. Difor måtte nokon visa at det er mogleg. Det har Per Thomas Andersen gjort, understreka Ebbestad Hansen i talen til prisvinnaren.
Sjølv ville Andersen gjerne takka kollegaene sine for prisen.
- Ikkje minst vil eg takka dei for at dei nominerte meg til årets pris, sa han.
Så måtte han kvittera for prisen med å halda eit kåseri om formidling. Han let ikkje vera å senda ut ein liten brannfakkel i samband med debatten om å premiera vitskaplege artiklar som kjem på trykk i internasjonale forskingsstidsskrift.
- Det er ikkje rett at det er mogleg å gjera eit skilje
mellom forsking og formidling. Formidling er å skapa
møteplassar for utveksling av meiningar, slo han fast. Han
kom også inn på dei store kunnskapsmengdene som både
forskarar og andre blir rent ned av.
- Forgjengarane mine, som til dømes Francis Bull, kunne heile
den norske og nordiske kanon i litteraturfaget. I dag går det
ikkje an å ha fullstendig oversikt over eit fagområde. No er
det viktigare å dyrka kunsten å kunna for lite. På den måten
kan forskaren overføra kunnskapen og formidla kunnskapen til
andre utanfor fagkrinsen, meinte han.
Det blei også tildelt prisar for beste essay blant masterstudentane. Førsteprisen, eit reisestipend på 10 000 kroner, gjekk til Ellen Stokland for essayet "De undertryktes karneval" medan andreprisen blei delt mellom Christer Dynna for artikkelen "Minneverdig fotografi" og Lars Audun Bråten for artikkelen "Salo, eller 28 år i sensurens skjærsild". I klassen for bachelorstudentane fekk Lars Tore Flåten førsteprisen på 6000 kroner med essayet "Døden. Om hvordan mennesket forsoner seg med døden."
Logg inn for å kommentere