Berg-Hansen ny reiseleverandør for UiO

Noregs eldste reisebyrå, Berg-Hansen har overtatt som hovudleverandør av reiser til Universitetet i Oslo. Frå 1. desember byrja UiOs reisebyråavtale med Berg-Hansen å virka etter at selskapet vann tilbodsrunden over blant andre VIA Flyspesialisten, som tidlegare var fast leverandør av reiser til universitetet.

STÅR PÅ FOR UiO: Administrerande direktør Per Arne Villadsen og Linda Svellingen Löwquist i Berg-Hansen lovar å stå på for at UiO skal bli nøgd med selskapet.
Foto: Martin Toft

- Dette blir ein viktig avtale for oss sidan Universitetet i Oslo blir ein av våre største kundar, om me ser bort frå dei desidert største, som er Statoil og Det Norske Veritas. Me er dessutan overtydd om at det blir ein god avtale for UiO sidan institusjonen er svært oppteken av å utnytta marknaden for å få best mogleg reiser for ein best mogleg pris, seier administrerande direktør Per Arne Villadsen i Berg-Hansen til Uniforum. Han viser til at Berg-Hansen, som blei etablert i 1875, er eit av verdas lengst eksisterande selskap, og har lang rutine i å skaffa kundane sine dei beste tilboda som marknaden kan gi på flyreiser, hotell og leigebilar.

Elektronisk reiseoppgjer

- Formålet med denne avtalen er sjølvsagt å hjelpa til med å få flest mogleg og best mogleg reiser for det totale reisebudsjettet til UiO. Berg-Hansen vil dessutan gjera det selskapet kan for å utnytta marknaden så langt det let seg gjera til å utføra både tinging, kjøp av billettar og oppgjer elektronisk. Det vil seia at reiseutgiftene ein UiO-tilsett har hatt, kan koma rett inn på den elektroniske reiserekninga til denne personen. Det vil sjølvsagt spara masse verdifull tid både for arbeidstakaren og for universitetet, understrekar Villadsen.

Han lovar også at selskapet alltid vil svara så fort som mogleg når nokon ringjer frå UiO.

- Ein av våre tilsette har hovudansvaret for å ta seg av førespurnadane frå dei UiO-tilsette. I tillegg kan me garantera at me vil yta universitetet teneste 24 timar i døgnet, fortel han.

Leverer alle typar reiser

Villadsen listar opp mange andre fordelar med denne avtalen.

- Hos oss kan UiO få utført alle tenester som har å gjera med reiser, anten det er enkeltreiser, gruppereiser eller studiereiser. Berg-Hansen har også ansvaret for å styra alle avtalane UiO har inngått innanfor reiselivssektoren. Me vil dessutan stilla opp om dei ber oss om å delta i forhandlingar med andre leverandørar. Sidan 20 prosent av reisene våre blir selde via Internett, kan me gå god for påstanden om at me er marknadsleiande på dette feltet også. Det vil i alle fall ikkje bli billegare for dei tilsette ved UiO om dei prøver å skaffa seg reiser sjølve via Internett, forsikrar han.

- Kan arrangera konferansar for UiO

Villadsen har lagt merke til at mange institutt og fakultet har ambisjonar om å skipa til store konferansar eller kongressar. Men det er ikkje alltid like lett å få til.

- Det er nemleg ikkje berre å kasta seg hovudstups ut i slike kjempestore prosjekt. Berg-Hansen vil tilby profesjonell hjelp også når det gjeld organisering av slike arrangement. Då kan me vera ansvarlege både for transport og overnatting, prosjektleiing og kvalitetssikring, ja til og med for underhaldninga. Då vil arrangøren til slutt få alt på ei rekning. Og me kan også lova at det blir billegare og betre enn om dei hadde organisert det på eiga hand, minner Villadsen om.

Det vil dessutan vera mogleg for alle UiO-tilsette å tinga private reiser hos Berg-Hansen.

- Dei som kjøper reiser hos oss vil vera med i trekninga av gratisreiser. I tillegg har me utarbeidd eit godt tilbod på tur til Roma som inkluderer hotell, fortel han.

La vekt på økonomiske fordelar

Seniorkonsulent Per Leikvang i Innkjøpsseksjonen legg vekt på at det var dei økonomiske fordelane som gjorde at UiO valde Berg-Hansen som reiseleverandør.

- Det var reint kommersielle grunnar til at det selskapet fekk kontrakten. Før dette blei avgjort sette UiO ned ei brukargruppe med personar frå forskjellige einingar frå universitetet. Dei skulle vurdera kvart av tilboda som kom inn og gi ei samla vurdering. Deira
konklusjon var at tilbodet frå Berg-Hansen var det beste, fortel Leikvang, som også ser andre fordelar med denne avtalen.

- Det blir lettare å få reisene betalte med personlege kredittkort med reiseforsikring inkludert. I tillegg vil me få ein samlefaktura frå selskapet, peikar han på.

Tidlegare var det altså VIA Flyspesialisten som var hovudleverandør av reiser til UiO.

- Grunnen til at me ikkje valde å fornya kontrakten med det reisebyrået hadde ingenting å gjera med at me var misnøgde med dei. Denne gongen var likevel tilbodet frå Berg-Hansen det beste for universitetet, understrekar Leikvang.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2003 15:32 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere