Stengjer innfartsårene til Blindern

Både Problemveien og Blinderveien blir stengde frå 17. november. Årsaka er at Samferdsleetaten i Oslo kommune skal byggja to oppheva gangfelt i desse to tungt trafikkerte vegane.

STENGJER PROBLEMVEIEN: Problemveien og Blindernveien blir høvesvis delvis og heilt stengde under arbeidet med å leggja to oppheva gangfelt, opplyser teknisk direktør Frode Meinich.
Foto: Grethe Tidemann

Frå måndag 17. til torsdag 20. november blir Problemveien stengt for all tungtrafikk medan Blindernveien blir stengt for all trafikk frå 17. til 28. november. Frå denne datoen vil Oslo Vei på oppdrag for Samferdsleetaten i Oslo kommune setja fortgang i arbeidet med å leggja to oppheva gangfelt i desse vegane.

- Det er etter ynskje frå UiO at kommunen no endeleg har sett i gang med dette arbeidet. Dei 30 000 personane som har sitt daglege virke på Blindern, vil få ein tryggare veg til arbeids- og studieplassen sin, seier teknisk direktør Frode Meinich til Uniforum.

Oppfylte ikkje heile ynskelista

Likevel er ikkje heile ynskelista til UiO oppfylt.
- Nei, eigentleg ville UiO ha eit gangfelt til i svingen mellom Helga Engs hus og gangstigen frå Problemveien og til Georg Sverdrups hus. Men sidan vegvesenet ikkje vil leggja gangfelt i ein uoversiktleg sving, fekk me avslag på det ynsket, fortel prosjektleiar for Nye Blindernveien, Karl Ove Strand.

Universitetsstyret har tidlegare løyvd ein million kroner til dette arbeidet og med ekstra utgifter til planting av nye blomar og tre, vil UiO til saman ha lagt inn 1,5 millionar kroner til dette prosjektet, opplyser Meinich og Strand.

Småbilar kan passera Problemveien

- Me vil gjerne presisera at det vil vera mogleg for småbilar å passera over ein mellombels veg over fortauet i dei dagane Problemveien er stengt for tyngre kjørety, understrekar Strand.

- Derimot vil det ikkje vera mogleg for nokon å passera den aktuelle delen av Blindernveien i den tida den er stengt. Då må bilistane heller bruka dei omkjøringsvegane dei brukte dei gongene Blindernveien har vore stengt tidlegare, er oppfordringa frå Meinich.

Prøvde å koordinera

- Blindernveien var jo stengt i mange veker i sommar på grunn av arbeidet med å leggja ned kablar for fjernvarme. Er det ikkje mogleg for UiO å koordinera
dette arbeidet slik at det ikkje skulle vera naudsynt å grava vegen opp igjen tre månader etter at den var stengt førre gong?

- Det var nettopp det UiO prøvde å få til. Og me klarte faktisk å få gjort naudsynt dreneringsarbeid samtidig med at kablane for fjernvarmen blei lagde ned i grunnen. Men på grunn av at Samferdsleetaten måtte ha arbeidet med å laga dei oppheva gangfelta ut på tilbod, var det ikkje mogleg å få gjort det samtidig med dei to andre prosjekta, fortel Strand. Verken Meinich eller Strand legg skjul på at det vil bli ein del problem når desse vegane er heilt og delvis stengde.

- Det vil nok bli ein del ubehag, men me er svært glade for at dette arbeidet endeleg er kome i gang, er dei einige om.

Emneord: energisparing, Energi Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2003 15:24 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere