Bill Clinton i krig mot HIV/AIDS

- HIV-viruset og AIDS-sjukdomen er i dag det største trugsmålet mot verdstryggleiken og verdas økonomiske utvikling. Det sa USAs tidlegare president Bill Clinton til 400 inviterte deltakarar på eit møte i Georg Sverdrups hus onsdag 5. november.

HOVUDFIENDE: - I dag er vår felles hovudfiende HIV-viruset og AIDS-epidemien, slo Bill Clinton fast i talen sin i Georg Sverdrups hus, UiO.
Foto: Ola Sæther

Det var ein Bill Clinton på krigsstigen mot HIV og AIDS dei frammøtte i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus fekk oppleva. Og det var for å samla inn pengar til prosjekta til si eiga stifting, William J. Clinton Presidential Foundation han inviterte seg sjølv til Noreg. Stiftinga hjelper land som er hardt råka av AIDS-epidemien til å forhandla fram ein lågare pris for livsforlengjande medisinar og for å finansiera behandlinga av dei HIV-smitta og dei AIDS-sjuke.

Clinton innleia talen sin med å minna om at han var på besøk ved Universitetet i Oslo for 34 år sidan for å helsa på ein venn frå delstaten Arkansas som studerte ved UiO.

- Det var altså i 1969, altså lenge før de blei fødde. Eg er svært glad for å vera tilbake, smilte han til eit lydhøyrt publikum. - Dessutan var eg den første sitjande amerikanske presidenten som kom på besøk til Noreg, då eg var her i 1999, minna han om, før han la inn eit par setningar om Noreg, Nobels fredspris og rolla Noreg spelte i fredsforhandlingane i Midtausten og framleis spelar i forsøka på å skapa fred på Sri Lanka.

HIV/AIDS trugar verdsfreden

- Det er verken krig eller terrorisme som er det største trugsmålet mot verdsfreden i dag. Det er det nemleg HIV-viruset og AIDS-epidemien som er. Verda har ikkje opplevd ein verre sjukdom sidan Svartedauden på 1300-talet og sjukdomen som blei kalla for spanskesjuken av franskmennene og franskesjuken av spanjolane på 1920-talet. Viss me skal klara å slå tilbake den faren som denne sjukdomen utgjer må me gjera det no, slo han fast.

Felles verdiar

- Kva bør me gjera? spurte han. - I ein tidsalder prega av globaliseringa kan ingen av oss røma frå kvarandre. Meksikanarane kan ikkje unngå folk i USA og heller ikkje israelarar og palestinarar kan unngå å koma i kontakt med kvarandre. Genforskinga har dessutan vist at palestinarar og israelarar er dei to folkegruppene som er mest genetisk like. Frå verdsrommet er det heller ikkje mogleg å få auge på dei politiske grensene mellom landa.

- Både den heilage boka til jødane, Toraen, den heilage boka til muslimane Koranen og Det nye testamentet til dei kristne har det store bodet til felles, "Du skal elska Herren din Gud og du skal elska nesten din som deg sjølv. " Trass i alle desse likskapane tenkjer folk i denne verda meir på kva som skil oss enn kva me har til felles. konstaterte han.

- Men alle verdas innbyggjarar har felles verdiar som alle er nedfelte i Den internasjonale menneskerettserklæringa frå 1948, la han til. Han kom også inn på urettferda i verda.

- Ein milliard menneske går svoltne til sengs kvar natt. 130 millionar barn går ikkje på skulen. 10 millionar barn døyr kvart år av barnesjukdomar. Mange millionar personar har aldri gjennom heile si levetid drukke eitt einaste glas med reint vatn. I ei samanbunden verd er alle avhengig av kvarandre, understreka han. Clinton trekte også fram andre negative sider med globaliseringa.

- Al Quaida-terroristane som stod bak aksjonen mot World Trade Center gjorde seg nytte av at det var så enkelt å kryssa grensene. Difor kunne dei ta livet av 3000 personar frå 70 forskjellige land, blant dei over 200 muslimar, nemnte han før han kom tilbake til trugsmålet frå AIDS-epidemien.

42 millionar med AIDS

- To tredelar av dei 42 millionar personane som har AIDS eller er smitta av HIV-viruset bur i Afrika. Men det er i Russland, dei tidlegare kommunistlanda i Aust-Europa, India, Kina og i Karibien talet på AIDS- og HIV-sjuke aukar mest. I dei hardast råka landa er bruttonasjonalproduktet blitt redusert med over 30 prosent. I mange av desse landa tilset dei to personar når ein jobb blir ledig fordi dei veit at ein av dei vil koma til å døy av AIDS. Ei samanbunden verd med ein ukontrollert AIDS-epidemi fører til ei lite berekraftig og ustabil verd, konkluderte han med.

Fekk ned prisen på AIDS-medisin

Deretter skildra han korleis stiftinga hans har lykkast med å få ned prisen på livsforlengjande AIDS-medisin gjennom forhandlingar mellom dei farmasøytiske selskapa og regjeringa på Barbados.

- Prisen på eit årsforbruk gjekk ned frå 300 dollar per person til 140 dollar per person. Han var også glad for at statsminister Kjell Magne Bondevik og den norske regjeringa hadde løyvd 180 millionar kroner til samarbeidstiltak i kampen mot HIV og AIDS i Mosambik og Tanzania.

- Det er mykje pengar for eit lite land, meinte han. Til slutt kom han også inn på storpolitikken.

- President Franklin D. Roosevelt sa alltid at den einaste måten du kunne få deg ein venn på var å bli ein venn. Det går ikkje an å okkupera alle land ein ikkje likar eller styrta alle regime ein ikkje har noko til overs for. I dag er vår felles hovudfiende HIV-viruset og AIDS-sjukdomen. Om me klarer å kjempa og overvinna denne fienden, vil det vera eit godt prov på at det nyttar med internasjonalt samarbeid mot eit felles trugsmål. Difor er det viktig at dei som ikkje treng døy får livsforlengjande behandling medan arbeidet med å utvikla ein vaksine mot HIV-viruset er i gang. Men me har ikkje tid til å setja oss ned og venta på at vaksinen skal finnast opp. Me må handla no, var den klare oppfordringa frå Bill Clinton til dei som sat i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus. Dei kvitterte med ein varm og kraftig applaus. NUPI-direktør Sverre Lodgaard overrekte Bill Clinton ei engelsk utgåve av Håvamål som eit minne frå det fjerde besøket hans i Noreg og det andre besøket ved UiO.

Emneord: Internasjonalisering, USA Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2003 16:55 - Sist endra 10. des. 2008 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere